Du er her

Psykologspesialist/Psykolog

Helse Førde - Nordfjord psykiatrisenter

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Nordfjord psykiatrisenter har ledig 2 x 100 % fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Vi yter tenester til personar med ulike psykiske lidingar og rusproblematikk. For å kunne gje eit best mogleg tilbod legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Psykiatrisenteret består av tre seksjonar, rus, døgn og dag.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov
  • Vi legg vekt på brukermedverknad
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Samhandling med pårørende
  • Psykologar er saman med legane med i tilsynsordninga for somatiske avdelingar ved Nordfjord sjukehus
  • Ein må rekne med reiseverksemd og ambulant arbeid


Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog
  • Klinisk erfaring og/ eller interesse for for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Førarkort klasse B
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitestilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting


Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium


Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
  • Evne til å prioriter oppgaver i en hektisk kvardag
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Personleg eigna


Språk

  • Norsk


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Trivelig arbeidsmiljø
  • For ikkje-spesialister vert det lagt tilrette for å fullføre spesialisering


Andre opplysningar

Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben


Kontaktinformasjon: May Kristin Sæther, seksjonsleiar NPS Dag, tlf. 901 17 856 og Arild Nøstdal, seksjonsleiar NPS Rus, tlf. 578 64 342 / 578 64 330


Lenke til ledige stillinger

 

Søknadsfrist
22. april 2019