Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Møre og Romsdal HF - Avdeling TSB

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Avdeling for TSB har ledig 2 faste 100 % stillingar som psykologspesialist/psykolog. Stillingane er tilknytta poliklinikk og Korttids døgn. 

Avdeling for TSB er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg sammensatt gruppe tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengighet til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole stereoider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg sammensett og inkluderer rus-spesialistar/psykiatere, legar, psykologspesialister/psykologar og helse- og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning. 

Som psykologspesialist har ein oppgåver som å bidra med psykologfagleg kunnskap og diagnosekompetanse inn i tverrfagleg samarbeid, utgreiing og terapi-oppfølging med pasientar som treng det. Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg koordinator som koordinerer pasientforløpet og har ansvar for pakkeforløp TSB. Som psykolog/psykologspesialist vil ein i større grad bli nytta til psykologfaglege oppgåver, både i det tverrfaglege samarbeidet og i direkte oppfølging av pasientar. 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. 


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
  • Individuelt behandlingsansvar
  • Vere ein del av eit tverrfagleg team
  • Rettleiing og bistand til tverrfagleg team basert på psykologfagleg kunnskap
  • Samarbeid med ulike faggrupper
  • Eksternt samarbeid og undervisning
  • Samtalar med pårørande 


Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist eller psykolog med norsk autorisasjon, eller lisens som fører til autorisasjon
  • Ønskeleg med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
  • Erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid vert vektlagt
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg 
  • Ønskeleg med klinisk erfaring
  • Å vere personleg eigna blir vektlagt


Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du har evne til å handtere hektiske dagar 
  • Du likar å bidra til kompetanseutvikling       
  • Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar


Vi tilbyr

  • Rettleiing
  • Spennande og krevjande arbeidsoppgåver i eit godt og kompetent fagmiljø
  • Internundervisning, eigne fagdagar og personalseminar
  • Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Rekrutteringstillegg
  • Løn etter gjeldende overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Kontaktinformasjon: 

Siri Næs, psykologspesialist, tlf. 902 68 699, e-post Siri.Nes@helse-mr.no

Ann Helen Eilertsen Midtlid, seksjonsleiar Poliklinikk rusbehandling TSB Ålesund, tlf. 918 51 829, e-post Ann.Helen.Eilertsen.Midtlid@helse-mr.no

Linn Therese Reiakvam, seksjonsleiar Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, tlf.  70 17 13 00 / 70 17 13 37, e.post Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no

 

Lenke til annonsen
Søk på stillinga
 

Søknadsfrist
21. august 2022