Du er her

Psykologspesialist/Psykolog - 2. gangs utlysing

Helse Førde, Psykiatrisk klinikk

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Ved posten for Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling, Psykiatrisk klinikk, avd. Tronvik, har vi ledig 100 % vikariat for psykologspesialist/psykolog. Stillinga er eit vikariat fram til medio mars 2021, men med mogelegheit for fast tilsetjing.

Rusposten har 15 plassar som omfattar 3 plassar for avrusing, 4 stabiliseringsplassar og 8 plassar for rehabilitering. Av desse er ein plass brukarstyrt.

Posten er regionsdekkande for Helse Vest. Det er psykiater, psykologspesialist og LIS knytt til posten.
Du kan lese om rusposten her: http://www.helse-forde.no/no/OmOss/Avdelinger/psykiatrisk-klinikk/Sider/post-6_ruseining.aspx

Avdeling Tronvik ligg vakkert til på Kyrkjebø ved Sognefjorden og har to postar med tilsaman 26 plassar og omlag 70 årsverk.

Den andre posten er ein DPS-post med 11 plassar, inkl. to brukarstyrte plassar.

Avdelinga har eining for arbeids- /idrettsterapi, samt sosiale tenester.

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov
  • Vi legg vekt på brukermedverknad
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Samhandling med pårørande
  • Rettleie og undervise ved behov


Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog
  • Klinisk erfaring og/eller interesse for for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Førarkort klasse B
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitestilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting


Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
  • Evne til å prioriter oppgåver i ein hektisk kvardag
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Personleg eigna


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Trivelig arbeidsmiljø
  • For ikkje- spesialister vert det lagt tilrette for å fullføre spesialisering


Kontaktinformasjon: Tanja Strandheim, inntaksleiar, tlf. 577 14 367 og Elin Lysne, seksjonsleiar, tlf. 577 14 316.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
4. februar 2020