Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Møre og Romsdal HF - Habilitering barn og ungdom Kristiansund

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Spanande jobb for psykologspesialist/ psykolog i tverrfagleg team ved Seksjon for habilitering barn og unge (HABU) Kristiansund 

Lyst å arbeide med barn og unge med medfødte og tidleg erverva funksjonsnedsettingar som ein del av eit tverrfagleg team? Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystby med ambisjonar?

Då er dette sjansen for deg!  Vi søkjer etter fagfolk med interesse for habilitering.  Her kan du bli bedre kjent med Kristiansund og regionen vår: Visit Kristiansund og Visit Nordvestlandet.

Arbeidsplassen er i dag ved Kristiansund sjukehus, på sikt skal vi  flytte inn i eit topp moderne sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Startdato snarest / etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreeing/diagnostisering
  • Samarbeid i tverrfagleg team  knytt til både utredning og vegleiing
  • Vegleiing i tiltaksetablering
  • Pasientopplæring
  • Oppfølging av foreldre 
  • Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnerar
  • Delta i fagutvikling og forskning
  • Ambulant arbeid er ein viktig del oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B) Vi har tenestebilar til disposisjon


Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist
  • Psykologar uten spesialisering er også velkomne til å søkje! Vi legg til rette for spesialistløp
  • Tidligare erfaring med, og kunnskap om, HABU sine målgrupper er ønskjeleg  


Personlege eigenskapar

  • Ha heilskapsforståing 
  • Vere fleksibel
  • Ha gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø
  • Evne til sjølvstendig planlegging
  • Ha glede av at andre lykkes
  • Ha sans for ein diskusjon og humor
  • Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftlig og muntlig 
  • Personlege eigneskapar som er viktige ift stilllinga, vil bli lagt vekt på ved tilsetting


Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg miljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer
  • Arbeidsoppgåver både poliklinisk og ambulant
  • Vi tilrettelegg for spesialisering, gjennom å ordne praksis og vegleiing under spesialisering
  • Vedlikehold av spesialisering
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Fleksitid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsstad som er ei inkludrande verksemd
  • Spesialistar i fast tilsetting har rett til 4 månaders studiepermisjon etter 5 år i foretaket.


Kontaktinformasjon: Marit Johanne Lie, ass.seksjonsleiar, tlf. 71 21 75 70, e-post marit.johanne.lie@helse-mr.no


Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
30. september 2021