Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Førde - Nordfjord psykiatrisenter

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Nordfjord psykiatrisenter har ledig fast stilling for psykologspesialist/psykolog.

For ikkje-spesialistar vert det lagt til rette for å fullføre spesialisering.

Seksjon rus er ein av tre seksjonar ved Nordfjord psykiatrisenter. Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til menneske over 18 år med alle typar rusproblem.

Seksjon rus er ein døgnpost og har tilsette med ulik yrkesbakgrunn, i tillegg til stilling for psykologspesialist/psykolog: Overlege som er spesialist i rus- og avhengnadsmedisin og psykiatri, lege i spesialisering, sosionomar, sjukepleiarar, vernepleiar, barnevernspedagog, helsesportpedagog og fysioterapeut, helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar.

Nordfjord psykiatrisenter ligg i sentrum av Nordfjordeid, i same område som Nordfjord sjukehus.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med rusavhengnad og psykiske lidingar
  • Tilby og legge til rette for behandling ut frå den einskilde pasient sine behov
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Gruppeterapi
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linetenesta
  • Involvere og følgje opp pårørande
  • Delta i utvikling av tenestetilbodet
  • Psykologar er saman med legar med i tilsynsordninga for somatiske avdelingar ved Nordfjord sjukehus


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist/ psykolog
  • Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med rusavhengnad og psykiske lidingar
  • Gode kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar
  • Personleg eigna, pasientorientert og kan legge til rette for brukarmedverknad
  • Interesse, motivasjon og engasjement for fagfeltet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe tverrfagleg
  • Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver i en hektisk kvardag
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss


Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • For ikkje-spesialistar vert det lagt til rette for å fullføre spesialisering
  • Bistand til å skaffe bustad, opplys i tilfelle om behov for dette i søknaden


Kontaktinformasjon: Arild Krogh Nøsdal, seksjonsleiar NPS Rus, tlf. (+47) 578 64 342.

 

Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
1. juni 2021