Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Bergen - Psykiatrisk klinikk / Avdeling stemningslidingar

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Psykiatrisk klinikk er ein eigen klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har tre avdelingar på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling Stemningslidingar (ASL) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP).

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Dei fleste pasientane blir overførte til døgnseksjonane ved Avdeling Stemningslidingar frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Døgnseksjonane er godkjende for tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernlova.

Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar i tillegg til ein spesialisert poliklinikk. Avdelinga gir gode vilkår for forsking i samarbeid med Forskingseininga.

Vi har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog knytta til seksjon S1. Stillinga er ledig frå 12.04.2021, tiltredelse etter nærare avtale.

Seksjonane tilbyr mellom anna:
*  Medikamentell behandling
*  Samtaleterapi
*  Psykoterapi/ kognitiv terapi
*  Kronoterapi (virtuell mørketerapi og lysterapi)
*  Miljøterapi
*  Aktivitetsterapi
*  Nevrostimulering (TMS)


Arbeidsoppgåver 

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med hovudsakleg affektive lidingar
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet


Kvalifikasjonar 

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskjeleg


Personlege eigenskapar 

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt


Vi tilbyr 

  • Lønn etter avtale
  • Tverrfagleg, innovativt og høgt fagleg miljø
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fordjuping, forsking og deltaking i prosjekt
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)


Kontaktinformasjon: Knut Olaf Skårdalsmo, avdelingssjef, tlf. 55 95 87 74.

 

Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
25. januar 2021