Tidsskrift for Norsk psykologforening
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Nordfjord psykiatrisenter har ledig 2 x 100 % stillingar for psykologspesialist/psykolog.
Vi er eit distritrikspsykiatrisk senter (DPS) som gir allmennpsykiatriske tenester og tverrfagleg spesialisert behandling (TSB). Den eine stillinga er lagt til Seksjon rus, som tilbyr behandling i døgnpost, medan den andre er lagt til Seksjon dag, som tilbyr poliklinisk behandling.
Opplys i søknaden om ein søkjer ein av stillingane eller begge.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon: May Kristin Sæther, seksjonsleiar NPS dag, tlf. (+47) 901 17 856 og Arild Nøsdal, seksjonsleiar NPS Rus, tlf. (+47) 578 64 342.