Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Førde - Psykiatrisk klinikk

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Psykiatrisk klinikk har ledig 2x100 % vikariat som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde. Den tilsette må kunne jobbe andre stadar ved behov.
 
Psykiatrisk klinikk gjev allmennpsykiatriske tenester til 12 kommunar i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk.
 
DPS dag er ein poliklinikk med tilsette med ulik yrkesbakgrunn; psykologspesialist, psykolog, psykiater, lege, psykiatrisk sjukepleiar, jobbspesialistar, vernepleiar og sosionom. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Vi har totalt 14 psykologspesialistar og psykologar tilsett ved avdelinga Psykiatrisk klinikk.
 
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
 

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane
  • Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta. Den som blir tilsett vil vera med og utvikla tenestetilbodet

Kvalifikasjonar
  • Psykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykolog
  • Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg og ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • Strukturert
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

Vi tilbyr
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Veiledning og deltaking på kurs som ledd i spesialistutdanning for psykologar som er under utdanning til å bli psykologspesialist
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon: Tor Christopher Fink, seksjonsleiar DPS Dag, tlf. (+47) 995 45 570.
 
 
Søknadsfrist
16. november 2020