Du er her

Psykologspesialist/Psykolog

Barne-, ungdoms- og familieetaten - Familieheimane i Region vest, avdeling Stavanger
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Vil du bidra i vårt viktige arbeid med ungdom i Stavanger? 
 
Om stillinga 
Familieheimane i Region vest, avdeling Stavanger søkjer psykologspesialist/psykolog i 50% stilling. Vi ønskjer ein engasjert og dyktig fagperson, primært med spesialitet i barne-, og ungdomspsykologi. Psykolospesialisten/psykologen vil i samarbeid med leiinga og to andre psykologspesialistar, ha ein sentral rolle i utvikling og vedlikehald av faget i einga. Det faglege grunnlaget for Familieheimane i Region vest, har hatt sitt utspring i tilknytningsteoriar og ein jobber målretta med traumebevisst omsorg.
 

Arbeidsoppgåver/ansvarsområder
Det psykologfaglege arbeidet ved Familiehimane i Region vest vil gje eit mangfald av faglege utfordringar innan det psykososiale feltet. Dette innebær samarbeid på tvers av fagområde og forvaltningsnivå. 
 
  • Rettleiing og konsultasjon opp mot familieheimsskonsulentane, koordinatorane og familieheimane
  • Vere ein fagleg støtteperson i det konkrete arbeidet rundt det enkelte barn/familieheim
  • Vere med i vurderingar i samband med inntaksarbeid og rekruttering
  • Vere ein samarbeidsperson opp mot aktuelle samarbeidspartnarar i det interne og eksterne fagmiljøet
  • Vere ein del av det faglege utviklingsarbeidet i eininga
  • Kunne delta og stå for undervisning av ansatte og familieheimane i eininga

Kvalifikasjonar
  • Profesjonsutdanning i psykologi og godkjenning som psykolog
  • For psykolog med godkjent spesialitet blir det kravd spesialistgodkjenning
  • Grunnleggjande kompetanse på traumefeltet
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med målgruppa barn, unge og familier
  • Ønskjeleg med erfaring frå klinisk/terapeutisk arbeid
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Relevante IKT-kunnskapar

Kven søkjer vi?
  • Vi søkjer deg som er ein sjøvstendig og erfaren fagperson med svært gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Du kan håndtere og ta initiativ til både overordna-, systemisk og individretta arbeid
  • Du evner å stå i krevjande situasjonar og oppgåver, og finn konstruktive løysningar, uten å miste det heilskapelege bildet eller målet
  • Du ser på medarbeiderane som organisasjonens viktigste ressurs, og du ønskjer å motivere og leggje til rette for at den enkelte kan få utnytte sitt potensiale
  • Du har forståing for Bufetat sine oppgåver og kan sette desse inn i eit større samfunnsmessig perspektiv
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr
  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 0794 psykolog, med løn frå p.t. kr 523 200-627 700 pr. år (ltr 59-69) eller som kode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, med løn frå p.t. kr 615 900-789 200 pr. år (ltr 68-79). Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Rettleiing og kurs som blir krevd for godkjenning/oppretthalding av spesialiteten
  • Fleksitidsordning

Generelle opplysningar
  • Inkludering og mangfold er ein styrkje og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, leggjer vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
  • Stillinga er for tida lagt til Familieheimane i Region vest, avdeling Familieheim Stavanger
  • Politiattest vil vert krevd ved tiltreding, jf. Lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden
  • Vi gjør merksamd på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg selv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjerlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25

Kontaktinformasjon 
Kontaktperson for stillinga:
Einingsleiar Ingunn Folkestadås, tlf. 466 15 594 eller e-post ingunn.folkestadas@bufetat.no
 
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal tas med ved eit eventuelt intervju.
 
 
Søknadsfrist
18. oktober 2020