Du er her

To psykolog­spesialistar / psykologar

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no ellerfacebook.

Vi søkjer to psykologspesialistar / psykologar til vårt nyoppretta korttidsteam.

Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til i nye moderne lokale sentralt på Danmarksplass. Kronstad DPS har to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.

Vil du vere med på Kronstad DPS sin nye satsing? KDPS planlegg oppstart av eit nytt team i 2019 som hovudsakeleg skal jobbe med fokusert korttidsbehandling innanfor ein behandlingsramme på 10 timar. Målgruppa er hovudsakeleg pasientar med angst og depresjonsproblematikk. Teamets arbeid vil primært ha ein teoretisk og metodisk plattform i den kognitive/ metakognitive tradisjonen. Vi er derfor ute etter dyktige psykologar som har erfaring og kompetanse til å jobbe innanfor ei slik ramme. Psykologar med annan fagleg forankring, men som likevel har interesse for eit slikt behandlingstilbod, kan også vere aktuelle for stillingane. Det vil bli lagt til rette for utdanning og kompetansehevande tiltak. Teamet vil bli tilknytta allmennpoliklinikkane i Kronstad DPS. Dersom du er spesialist, kan det vere aktuelt å inneha ein teamleiarfunksjon.
 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar med angst og depresjon i korttidsteam 
  • Delta i viktig fagleg utviklingsarbeid innan eit sentralt satsingsområde

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Psykologspesialist/ psykolog
  • Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk pasientpopulasjon
  • Kompetanse og erfaring med kognitiv atferdsterapi og/eller metakognitiv terapi
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
  • God fagleg vurderingsevne, evne til å arbeide målretta og strukturert innanfor eit korttidsperspektiv
  • Evne til fleksibilitet og sjølvstendighet
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for forsking og fagutvikling

Kontakt

Beate Hatlelid Bø, psykologspesialist, tlf.  55 95 60 00
Lars Onsrud, klinikkoverlege, tlf. 55 95 60 00
Stig-Arthur Didriksen, konst. klinikkdirektør, tlf. 55 95 60 00

Lenke til annonsen
Søk på stillingen
 

Søknadsfrist
5. august 2019