Du er her

Psykologspesialist ved Statens Barnehus i Bergen

Vest politidistrikt - Felles eining for førebygging

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Statens Barnehus Bergen har ledig ei fast stilling i  i 100 % som psykologspesialist SKO 1304 i barnefagleg team.  Ved mangel på kvalifiserte søkjarar som psykologspesialist vil vi vurdere tilsetjing i stiling som psykolog SKO 0794. Det kan og vere aktuelt å tilsetje i lavere stillingsprosent (minimum 50 %). 

Statens Barnehus Bergen og avdeling Førde består for tida av 19 tilsette. Gjennom aktiv samhandling skal vi syte for tryggleik, god helse og rettstryggleik for overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming. Vi er eit tverretatleg samarbeidstiltak som formidlar kunnskap innan feltet og fremmar samarbeid med andre instansar. Hos oss får du vere ein del av ein utfordrande og spanande arbeidsplass der kompetanse og evne til samarbeid og god kommunikasjon blir høgt verdsett.

Du blir ein del av barnefagleg team saman med øvrige seniorrådgjevarar og psykologspesialistar. Det faglege arbeidet blir leia av seksjonsleiar og teamleiar for  barnefagleg team.

I tillegg til barnefagleg team har vi fire konsulentar og ein teamleiar for administrativ støtte og tekniske oppgåver, og ein av  konsulentane er lokalt tilsett ved avdeling Førde.

Statens barnehus er ein del av Felles eining for førebygging i Vest Politidistrikt. Det blir arbeidd på tvers av alle fagmiljø i politiet som arbeider med utsette barn og unge, samt med relevante fagmiljø som jobbar med overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming.

Fast arbeidstad for stillinga er i Bergen, men noko reiseverksemd og arbeid ved avdeling Førde må påreknast.


Arbeidsoppgåver

  • Ta vare på  intensjonen om å setje barnet i sentrum i det tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet
  • Bidra til samarbeid før, under og etter tilrettelagte avhøyr  av barn og ungdom/sårbare vaksne
  • Bidra med barnefagleg/psykolog kompetanse i tilrettelagte avhøyr av barn og ungdom/sårbare vaksne
  • Saksansvarleg/kontaktperson for barnet og pårørande i det tverrfaglege arbeidet
  • Vurdere om barnet har behov for oppfølgjing eller behandling i etterkant av avhøyret
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i teamet til kvalitetssikring av behandling og oppfølgjing       
  • Traumekartlegging
  • Terapi og behandling i tråd med “Felles retningsliner for Barnehusene”
  • Rettleiing/rådgjeving til omsorgspersonar og andre instansar
  • Undervisning/dela kompetanse internt og eksternt
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid med relevante instansar i heile fylket          
  • Bidra  til fagutveksling innan fagfeltet eller i opplæringsøyemed
  • Andre oppgåver pålagt av overordna


Kvalifikasjonar

  • Cand.psychol og offentleg godkjend psykolog med godkjend norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialitet i klinisk barne- og ungdomspsykologi eller andre relevante spesialitetar
  • Minimum 5 år relevant arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: psykisk helsevern for barn og unge, familievern, barnevern eller førebyggjande helsearbeid blant barn og unge
  • Ved tilsetjing som psykolog er det ikkje krav om godkjend spesialitet
  • Erfaring med målgruppa og kompetanse innan vald og seksuelle overgrep
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg arbeid
  • Kjennskap til og erfaring med fleire behandlingstilnærmingar
  • Kompetanse på rettleiing
  • Evne til å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene, gjennomføre webbaserte møter og undervisning 
  • Erfaring med familiearbeid er ein fordel 
  • Vidareutdanning innan traumer og rettleiing er ein fordel
  • Erfaring med oppfølgjing av traumeutsette barn er ein fordel
  • Erfaring frå flerkulturelt arbeid er ein fordel
  • Erfaring frå undervisning og opplæring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Andre språkferdigheiter vil vere ein fordel

Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.


Personlege eigenskapar

  • Evne til å handtere og hjelpe mennesker i krisesituasjonar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, vere løysingsorientert og fleksibel
  • Evne til å kommunisere med barn og deira omsorgspersonar
  • Vere robust, lyttande, trygg og omsorgsfull
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med ulike fagpersonar, på tvers av fag og etat
  • Evne til å arbeide strukturert, målretta og etterretteleg
  • Evne til å handtere tidvis høgt arbeidspress og å handtere emosjonelt belastande arbeid
  • Sosiale evner til å håndtere varierende arbeidsmengde og mange besøkende aktører og familier i krise
  • Evne og vilje til å fremje  til fagutvikling  innan feltet

Som medarbeidar i politiet og Statens Barnehus er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.


Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som psykologspesialist  (stillingskode 1304), i spennet frå kr 776 900, til kr 911 700,- brutto per år eller som psykolog SKO 0794 i spennet frå kr 626 100,- til kr 714 000,- brutto per år.

Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir informasjon)


Generelt

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarane må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Les meir på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.

Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref.nr. 22/200812 


Kontaktinformasjon: Kristin Konglevoll Fjell, seksjonsleiar, tlf. 932 55 684 og Eirin Elisabeth Baugstø, teamleiar, tlf. 488 86 307, seksjon for HR, spørsmål om elektronisk CV/søknad, e-post 207.hr@politiet.no


Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
11. desember 2022