Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod. Vi har nå tilsatt seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiater og psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne være med å utforme behandlingstilbodet, og påvirke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelene Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omlag 80 000 innbyggjarar over 18 år.
Bjørgvin DPS har i 2023 eit budsjett på 152 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter ein fagleg, engasjert og psykologspesialist i 100% faste stilling til fagområdet psykose. Stillingen gir rom for alternativ tenkning knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.
Arbeidsoppgåver
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
Bjørgvin psykose døgnbehandling:
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon:
Nils-Olaf Steinstø, psykologspesialist - fagleg ansvarlig, tlf. 55 95 70 00
Wenny Bernes, seksjonsleder, tlf. 55 95 70 00
Fredrik Hiis Bergh, klinikkdirektør, tlf. 55 95 70 00
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)