Du er her

Psykologspesialist / Psykolog til ny ROP eining

Helse Bergen - Divisjon psykisk helsevern

Vil du vere med og forme eit nytt behandlingstilbod?

Vi søkjer deg som har eit sterkt engasjement for pasientar med alvorlege psykiske vanskar og samtidig rusproblematikk. ROP- pasientane fell ofte mellom to stolar i behandlingssystemet. Denne utfordringa vil vi gjere noko med og vi inviterer deg med til å bygge opp eit nytt tilbod til denne pasientgruppa. Her får du ein unik sjanse til å vere med på å utforme den framtidige behandlinga.

Helse Bergen, Divisjon psykisk helsevern og avdeling for rusmedisin har ei stor satsing på å gi eit betre behandlingstilbod til ROP-pasientane. Etableringa av ROP-eininga er eit viktig tiltak i denne satsinga.

Til den nye einga søker vi deg, psykologspesialist eller psykolog med erfaring frå psykisk helsevern og rus, som ser på denne stillinga som ein sjanse til å gi pasientgruppa eit meir heilskapleg tilbod.

Tiltaket er i samsvarar med både nasjonale og internasjonale retningsliner, lokale brukarperspektiv og er nedfelt i Helse Bergen sin strategiplan.

Vi inviterer deg som er den engasjerte spesialisten til å ta samarbeidet mellom psykisk helsevern, rusmedisin, DPS-a og dei kommunale tenestene eit viktig steg vidare. Du ønskjer å ta aktiv del i oppbygginga av dette nye tilbodet i lag med andre gode kolleger og vil bidra med eit engasjert blikk og konstruktive innspel. Saman med psykiater og leiar av ROP-eininga vil du utgjere kjerneteamet i arbeidet. Her får du sjansen til å arbeide både direkte med pasientane i heilskaplege pasientforløp, samt å arbeide meir utoverretta med rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.


Kontakt: Prosjektleiar Roger Atle Wæhle Kårstad, telefon 417 01 350 eller rådgivar Elisabeth Vikøren, telefon 480 91 686.

Referansenr.: 4376216973

 

Søknadsfrist
29. august 2021