Du er her

Psykolog­spesialist eller psykolog

FEM KOMMUNAR I VEST-TELEMARK

Psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innan klinisk samfunns– og allmennpsykologi

Som fylgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det tilsett ein psykolog i eit interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark. Kommunane har prioritert til saman to psykologstillingar, der ei av desse nå er ledig for tilsetjing. Vest-Telemarkkommunane er utviklingsorienterte og søkjer etter psykologar som vil vera med i utviklinga av tenestene. Kommune har definert barn og unge som særskilde satsingsområde.

Det vert lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:

  • Plan og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkeltsaker
  • Rettleiing av faggrupper/profesjonar
  • Klinisk arbeid


Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom den psykologen som blir tilsett og kommunane, og vera forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen.

Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, enten i regi av spesialisthelsetenesta og/eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe. Det vert gjeve konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning. Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi.

Søkjar må ha førarkort, bil vert stilt til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om politiattest før tilsetjing.

For meir informasjon om stillingane kontakt samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland, e-post samhandling@seljord.kommune.no, tlf. 995 39 515.

Stillinga med lenke til elektronisk søknadsskjema er tilgjengeleg på www.seljord.kommune.no/ledige-stillingar 

Velkommen som søkjar!
INFORMASJON OM KOMMUNANE I REGIONEN ER TILGJENGELEG PÅ
www.fyresdal.kommune.no, www.kviteseid.kommune.no, www.nissedal.kommune.no, www.seljord.kommune.no, www.tokke.kommune.no

Annonsen er fra Psykologtidsskriftets januar-utgave som utkommer 2. januar 2020
 

Søknadsfrist
15. januar 2020