Du er her

Psykolog­spesialist eller psykolog

Fyresdal kommune, Kviteseid kommune, Nissedal kommune, Seljord kommune og Tokke kommune

Fem kommunar i Vest-Telemark søkjer etter psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innan klinisk samfunns– og allmennpsykologi. 

Som fylgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det oppretta to 100 % psykologstillingar i regionen. Ei av desse stillingane er ledig for tilsetjing.

Vest-Telemarkkommunane er utviklingsorienterte og søkjer etter psykologar som vil vera med i utviklinga av tenestene. Kommune har definert barn og unge som særskilde satsingsområde.

Det vert lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:

  • Plan og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkelt saker
  • Rettleiing av faggrupper / profesjonar
  • Klinisk arbeid

Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom den psykologen som blir tilsett og kommunane, og vera forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen.

Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, enten i regi av spesialisthelsetenesta og/eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe. Det vert gjeve konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning. Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi.

Søkjar må ha førarkort, bil vert stilt til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om politiattest før tilsetjing.

For meir informasjon om stillingane kontakt samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland, samhandling@seljord.kommune.no, tlf. 995 39 515.

Søknad sendast post@seljord.kommune.no 


Velkommen som søkjar!


INFORMASJON OM KOMMUNANE I REGIONEN ER TILGJENGELEG PÅ: 
www.fyresdal.kommune.no, www.kviteseid.kommune.no,
www.nissedal.kommune.no, www.seljord.kommune.no, www.tokke.kommune.no
 

 Annonsen er fra Psykologtidsskriftets september-utgave som utkommer 2. september 2019
 

 

Søknadsfrist
23. september 2019