Du er her

Psykolog­spesialist

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no ellerfacebook.

Psykologspesialist søkes til vårt nyetablerte team for tidleg avklaring.

Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til i nye moderne lokale sentralt på Danmarksplass. Kronstad DPS har to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.

Vi søkjer psykologspesialist til nytt poliklinisk team for rask og tidleg avklaring (Tidleg avklaringsteam). Avklaringsteamet er eit nyoppretta team ved Kronstad DPS. Teamet vurderer og avklarer helsehjelp til nyhenviste pasientar og kan gi kortvarig behandling til pasientar der det vurderast aktuelt. Formålet med ein tidleg avklaring er å gi riktig helsehjelp og unngå unødig ventetid. Pasientane skal vurderast innan to veker etter mottatt tilvising. Tidleg avklaringsteam vil samarbeide nært med inntaksteamet ved Kronstad DPS. Planlagd oppstart er oktober 2019.
 

Arbeidsoppgåver

  • Tidlig avklaringsteam skal bistå med rask avklaring av pasientar der inntaksteamet vurderer behov for dette

Tidleg avklaringsteam skal hovudsakeleg prioritere følgjande arbeidsoppgåver:

  • Vurdere pasientar der ein på bakgrunn av tilvising er i tvil om kriteria for rett til nødvendig helsehjelp er til stades
  • Vurdere pasientar der det er usikkerheit omkring tilstandsbilete og hastegrad
  • Vurdere pasientar med uavklart/ kompleks problematikk der tilstanden bør vurderast nøye før behandlingsløp skisseres
  • Gi kortvarig behandling der det er hensiktsmessig
  • Etablere rask dialog og samarbeid med tilvisar og primærhelsetenesta
  • På bakgrunn av vurdering, skal teamet leggje føringar for og ramme inn vidare behandling i Kronstad DPS, eventuelt avslutning eller vidare tilvising til andre instansar
  • Teamet er under utvikling både mht funksjon og antall tilsette. Dette gir moglegheit til å vere med å vidareutvikle teamets funksjon og framtidige oppgåver. Etter nærare avtale kan delar av stillinga knyttast opp mot andre funksjonar/ arbeidsoppgåver i DPS’et, t.d.arbeid som behandlar i eit allmennteam
  • Ein av teammedlemma vil inneha rolle som teamleiar. Spesialistar med interesse for teamleiing oppfordrast til å søkje

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Psykologspesialist
  • Relevant klinisk erfaring for å møte eit breitt spekter av psykisk helseproblematikk
  • Må meistre godt norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe strukturert og avgrensa
  • Gode samarbeidsevner
  • God vurderings- og beslutningskompetanse
  • Godt kjennskap til gjeldande lovverk og retningsliner innan psykisk helsevern
  • Evne til å vere fleksibel, løysingsfokusert og system- og nettverksorientert
  • Evne til skaffe seg rask og presis oversikt i komplekse saker

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for forsking og fagutvikling

Kontakt

Lars Onsrud, klinikkoverlege, tlf. 55 95 60 00
Beate Hatlelid Bø, psykologspesialist, tlf.  55 95 60 00
Stig-Arthur Didriksen, konst. klinikkdirektør, tlf. 55 95 60 00

Lenke til annonsen
Søk på stillingen
 

Søknadsfrist
5. august 2019