Du er her

Psykolog/psykologspesialist

Helse Fonna HF - Karmøy DPS Allmennpsykiatrisk poliklinikk

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Haugaland og Karmøy DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern med opptakskommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Haugaland og Karmøy DPS har både sengepostar og poliklinikkar.

Vi er i vekst og søkjer no etter psykolog/psykologspesialist til allmennpoliklinikk på Karmøy DPS.

Poliklinikkane er tverrfagleg samansatt av psykologspesialist, psykolog, psykiater og høgskoleutdanna med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Hos oss blir du ein del av eit stort og fagleg inspirerande miljø.

For den som blir tilsett vil det og vere ein sjeldan mogligheit for å delta i vaktordning for psykologar i Akutt ambulant team (AAT). Som psykolog i AAT får du unik høve til å opparbeide deg erfaring innan akuttpsykiatri, samstundes som du bidrar i arbeidet med å redusere unødvendige innleggelsar og tvangsbruk. Deltaking i AAT er frivillig og er godt økonomisk kompensert.


Arbeidsoppgåver 

  • Ansvarleg for og deltar i utgreiing, diagnostisering og behandling ved poliklinikkane
  • Delta i tverrfagleg team
  • Rettleiing og undervising internt og retta mot våre samarbeidspartnarar i kommunen
  • Vi tilbyr spesialisering og legg til rette for vidareutdanning
  • Deltaking i vaktlag/AAT kan vere aktuelt dersom det er ønskeleg


Kvalifikasjonar 

  • Må ha norsk autorisasjon som psykolog
  • Gode språkferdigheiter i norsk skriftleg og munnleg
  • At søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagt


Personlege eigenskapar 

  • Fagleg interesse og nysgjerrighet
  • Ønske om å bidra til videre fagutvikling lokalt
  • Evner å arbeide sjølvstendig, men samarbeide innad i team
  • God struktur


Vi tilbyr 

  • Lønn etter gjeldande avtalar mellom NPF og Helse Fonna, HF
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Spesialistutdanning blir tilbydd
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden


Kontaktinformasjon: Trond Holm, funksjonsleder, tlf. 400 60 072.

 

Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
21. juni 2020