Du er her

Psykolog/psykologspesialist

NAV Vestland Arbeidsrådgivning

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Psykolog/psykologspesialist som vil jobbe arbeidsretta? 

Vi ser etter deg som vil jobbe med arbeidsretta rettleiing og utgreiing av personar med ulike utfordringar knytt til det å fungera i arbeid. Du identifiserer deg med verdigrunnlaget til NAV, og syner forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv.

Vi har ledig ei fast stilling i Førde som psykolog/psykologspesialist ved NAV Arbeidsrådgivning Vestland. NAV Arbeidsrådgivning Vestland er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter som har arbeidsretta kompetanse innafor arbeidspsykologi, pedagogikk og kartleggings- og rettleiingsmetodikk. Totalt består kontoret av 10 tilsette og leverer tenester til NAV-kontora i fylket. Tenester som vert levert av NAV Arbeidsrådgivning skal vera eit komplementært tilbod til øvrige tenester i NAV. Vi legg stor vekt på å ha eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, særleg viktig er kontakten med rettleiarane ved NAV-kontora. Vi har i tillegg utstrekt brukarkontakt. 


Arbeidsoppgåver  

  • Utgreiing, kartlegging og utvida rettleiing av brukarar med fokus på arbeid
  • Tematisk og fagleg undervising
  • Rettleiing av tilsette ved NAV-kontora
  • Bistå brukarar med komplekse og uavklarte bistandsbehov
  • Utvikle samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Synleggjere brukar sine ressursar og moglegheiter i arbeidslivet


Kvalifikasjonar  
Du må ha:

  • norsk autorisasjon som psykolog/psykologspesialist 


Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med utgreiing- og kartleggingsarbeid til personar med utfordringar i å meistre eit arbeid


Personlege eigenskaper  
Du har:   

  • gode evner og interesse for å drive rettleiing og opplæring
  • gode servicehaldningar og god kommunikasjonsevne
  • resultat- og løysingsorientert fokus
  • god evne til å gjennomføre

Du er:

  • målretta, nøyaktig og får oppgåvene unna
  • god til å arbeide sjølvstendig så vel som i lag med andre


Vi tilbyr  

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Variert og tverrfagleg samarbeid
  • Fagleg utvikling og oppfølging innan relevante fagområde for stillinga
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Rettleiing
  • Tilsetting i stillingskode 0794 psykolog med lønnsspenn frå  kr 594.300 til kr 677.600 per år, eller stillingskode 1304 psykolog m/godkjent spesialitet med lønnsspenn frå kr 702.100 til kr 873.400 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønnsplassering vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løn blir det trekt 2 %).


Kontaktinformasjon: Hilde Therese Johansen, fagansvarlig psykologspesialist, tlf. 924 36 599, e-post Hilde.Therese.Johansen@nav.no og Rune Jacobsen, avdelingsdirektør, tlf. 408 42 429, e-post rune.jacobsen@nav.no


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
31. oktober 2021