Du er her

Byar

Publisert
5. august 2011

BEREIST: Eirik Glambek Bøe i Kings of Convenience har sett mange byar.

FOTO: ALTERNA2/FLICKR.COM

Fredag var [arkitekturpsykolog Eirik Glambek Bøe] i Fjell rådhus og heldt foredrag på eit seminar om Straume by under tittelen «Må en by være til bry?».

– Enkelte byar, uansett kor eg er i verda, får meg til å fantasere om at eg er ein person som bur i denne byen. Kvifor greier somme byar det? Medan eg på Ullsmo, der eg er oppvaksen, kjenner meg totalt framand.

Glambek Bøe peika på eit anna trekk ved byane som ikkje lykkast, dei tomme møteplassane. Arkitektane lagar flotte teikningar med folkeliv på. Men når bygga er på plass, viser det seg at det ikkje er eit menneske å sjå.

– Vi menneske likar å gjere ting, dessutan er vi sjenerte. Ingen likar å bli betrakta når dei sit åleine på ei trapp, sa Glambek Bøe, som ønskte Fjell lykke til med å bygge by.

VestNytt 21.6.2011

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 8, 2011, side

Kommenter denne artikkelen