Du er her

Fornuft

Publisert
5. september 2010

MUSIKK: Du treng ikkje forstå. FOTO: YAY MICRO

– Eg trur ikkje den atonale og eksperimentelle samtidsmusikken er for komplisert for hjernen vår. Eg trur heller ikkje på at hjerneforskinga kan gje svar eller prov på denne typen spørsmål, slikt er i alle høve svært problematisk. […]

Skal me forstå til dømes komponisten Arnold Schönbergs tolvtonemusikk, er det som å høyra eit tolvsifra telefonnummer éin gong, og så kjenna det igjen jamvel når kvart av siffera er blitt plussa på med fire nye.

– Det er sant at dette er vanskeleg, vedgår Osnes.

– At dei fleste greier å halda sju einingar i korttidsminnet, pluss minus to einingar, er det vanlege synet. Men det er ikkje ein premiss at du skal forstå denne musikken for å gleda deg over han; ein må ikkje forveksla Schönbergs måte å utarbeida materialet på med den musikalske bodskapen i det klingande resultatet. Langt fleire parameter finst i det som kjem ut, parameter som er viktigare enn å hugsa dei tolv tonane […] ein ting er sikkert: Komponistane bør ikkje leggja moderne hjerneforsking til grunn for sin komposisjonsprosess. Det trur eg ville blitt forferdeleg keisam musikk. Men det er sjølvsagt komponisten og ikkje publikum som må gjera musikken aktuell. Og – det blir i alle høve ikkje fleire publikummarar i salane om me skuldar dei for fåkunne.

Komponist og psykolog Berge Osnes til Dag og Tid 9.7.2010

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 9, 2010, side

Kommenter denne artikkelen