Du er her

Døden og poesien …

Publisert
1. september 2007

for meg personleg har Sigmund Skard si gjendikting av det fire tusen år gamle egyptiske diktet «Døden» vore noko eg har vendt attende til gong på gong på gong. Der står det mellom anna:

I dag står døden for meg som angen av myrra, som å sitja under seglet ein dag med bris.

I dag står døden for meg som når himmelen blir skyfri, som når ein mann kjem på noko han har gløymt.

I dag står døden for meg som når ein lengtar etter å sjå att huset sitt etter ein sat i fangenskap i mange år.

Sist eg møtte denne teksten var faktisk som psykolog; i ein internasjonal fagartikkel om sjølvmord opp gjennom historia. Kanskje er dette, stod det der, den første oppteikninga av sjølvmordstankar me har? Det at eg alt åtte dette diktet inne i meg, på mitt eige mål, gav meg ei mykje nærare oppleving av denne egyptaren, enn om eg bare hadde sett delar av diktet referert på engelsk.

Psykolog og poet Helge Torvund på dagbladet. no 24.7.2007

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 9, 2007, side

Kommenter denne artikkelen