Du er her

Psykologar

Helse Bergen - Bjørgvin Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse og Arbeid

Bjørgvin Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen søkjer psykologar til Helse og Arbeid 

Bjørgvin DPS er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. På vegne av Helse Bergen har vi fått tildelt middel frå Helse Vest for å utvikle behandlingstilbodet til pasientar psykiske lidingar og samtidige muskel- og skjelettsjukdommar.

I denne anledning er vi på jakt etter psykologar som vil jobbe innanfor arbeidsfeltet! Brenn du for å hjelpe pasientar til å fungere i arbeidslivet over tid på tross av psykiske symptom og lidingar? Tenkjer du at alle pasientar har noko å bidra med i det ordinære arbeidslivet, og at arbeid gir oss betre helse?

Vi lyser ut 3 faste stillingar til psykologar som ønskjer å jobbe i Helse Bergen og ta spesialisering i det nye fagfeltet klinisk arbeidspsykologi, eller andre relevante spesialiseringar. I tillegg til obligatoriske kurs i samband med spesialisering vil psykologane få kurs i arbeidsretta behandling, og gi slik behandling til sjukemelde pasientar med angst, depresjon og muskel-skjelettlidingar. Ein vil jobbe tett med ein spesialist i klinisk arbeidspsykologi og få rettleiing og opplæring i dette feltet, og samarbeide noko med Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Arbeid er Psykologforeningas satsingsområde dei neste åra, og vi ser for oss eit aukande behov for denne kompetansen innanfor både helsevesenet, NAV og på arbeidsplassane.

Som psykolog ved Bjørgvin DPS skal du arbeide saman med spesialist innan klinisk arbeidspsykologi for å utvikle behandlingstilbod til pasientgruppa, bidra til å byggje bruer mellom ulike deler av helsetenesta og sørgje for sømlause overganger mellom dei ulike delane av helsetenesta.

Som søkjar har du Norsk autorisasjon og gjerne tilleggsutdanning innan kognitiv terapi.

Vi kan tilby fast stilling og lønn i henhald til gjeldande avtalar, gode føresetnader for spesialisering og vidareutdanning og eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan eit spennande fagfelt.

Interessert? 


Kontakt: Psykologspesialist og prosjektleiar Ingrid Blø Olsen eller klinikkdirektør Fredrik Hiis Bergh på telefon 55 95 70 00

Referansenr.: 4451935129

 

Lenke til annonsen og søk på stillingen


Annonsen er fra Psykologtidsskriftets desember-utgave som utkommer 1. desember 2021

 

Søknadsfrist
15. desember 2021