Du er her

Psykolog= spesialist / psykolog

Helse Bergen, Haukeland universitetssykehus, Avdeling for rusmedisin, Legemiddelassistert rehabilitering/ Heroinassistert behandling (HAB)

Vil du vere med på å utvikle tilbod om heroinassistert behandling (HAB)?

Avdeling for rusmedisin, LAR, skal etablere prøveprosjekt med Heroinassistert behandling (HAB). Tilbodet skal vere ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og skal driftast i nært samarbeid med Bergen kommune. Tilbodet skal vere i full drift i løpet av 2021.

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR seksjon, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spanande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med Psykisk helsevern. Forskingseksjonen i AFR har fleire spanande forskingsprosjekt i LAR og deltar i den nasjonale forskinga på HAB.

Heroinassistert behandling er eit tilbod for ei utvald målgruppe av personar med avhengigheit til heroin, som ikkje har hatt tilstrekkeleg behandlingseffekt av ordinær LAR. Det som skil HAB frå LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan bli inntatt ved intravenøs injeksjon eller som tablettar og må bli inntatt fleire gongar i døgeret. Dette til forskjell frå LAR-legemiddel (metadon, buprenorfin) som blir inntatt éin gong i døgeret.

LAR er organisert i 7 team, inkludert HAB-teamet. Kvart team er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar, sosionomar og erf aringskonsulent. Teama har ans var for substitusjonsbehandlinga, men også øvrig tverrfagleg spesialisert behandling og rehabilitering av pasientane. Psykologkompetansen er svært viktig i den integrerte behandlinga som tilbys.

Psykologens oppgåver er diagnostisering og behandling, samt å bistå andre behandlarar i LAR med utgreiing og behandlingsplanlegging. Rettleiing av øvrige tilsette vil også vere ein viktig oppgåve. Samhandling med andre delar av spesialisthelsetenesta (t.d. psykisk helsevern) og kommunen er viktig for å sikra pasientane heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester. Psykologen vil vere del av den faglege leiinga, som skal etablere, utvikle og drifte behandlingstilbodet i HAB

HAB vil halde til i nye og rehabiliterte lokale i Bergen Sentrum. Det er planlagd ein eigen opplæringsperiode for heile personalgruppa før oppstart av pasientbehandlinga.

Arbeidsoppgåver: Utgreiing og behandling av heroinavhenegige, ofte i kombinasjon med psykisk helsetilstandar, samhandling og rettleiing av øvrig personale i teamet, Samarbeid og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester og Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa.

Kvalifikasjonar: Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein føremon, men ingen føresetnad. Interesse for å arbeide med ei pasientgruppe med komplekse problemstillingar og som er “hard to reach”. Må vere innstilt på og tykkjer det er spanande å arbeide utradisjonelt. Norsk autorisasjon som psykolog og særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.

Kontakt: Seksjonsleiar Svanhild Mellingen, telefon 55970100, svanhild.mellingen@helse-bergen.no eller Teamleiar HAB Vibeke Bråthen Buljovcic, telefon 94798983, vibeke.brathen.buljovcic@helse-bergen.no

Referansenr.: 4375280930 

Lenke til annonse
Søk på stillingen

Annonsen er fra Psykologtidsskriftets mai-utgave som utkommer 3. mai 2021 
 

Søknadsfrist
23. mai 2021