Du er her

Psykolog / psykolog­spesialist / familie­terapeut

Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest
Om Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet. 

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Vi er i omstilling og står foran store og spanande endringar. Vil du vere med?

Til deg som ynskjer å arbeide etter FFT sin kliniske modell.


Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Til teamet for Funksjonell familieterapi (FFT) Sogn og Fjordane søkjer vi nå psykolog/psykologspesialist/familieterapeut 100 %, til ei 1 års midlertidig stilling / vikariat. Det er oppstart i stillinga august/september 2021.

FFT er ei evidensbasert familiebehandling for ungdom som viser bekymrande åtferd som vanskeliggjer samspelet i familie og / eller nettverk. Den kliniske modellen bygger på fleire tiårs utfalls- og prosessforskning, og er ei integrativ tilnærming med ein brei psykoterapeutisk og familieterapeutisk kunnskapsbase. Behandlingsmodellen krev høg grad av klinisk kompetanse og utgjer eit terapeutisk rammeverk med både klare retningslinjer for behandlinga, og fleksibilitet for tilpassing til den enkelte familie. Terapeutane i teamet gjennomfører behandlingsutvikling med høg grad av metodeintegritet, ettersom dette er vesentleg for at behandlinga skal bli vellykka.

Stillinga inngår i eit team av FFT-terapeutar som vert leia av ei teamleiar med fagleg og administrativt ansvar for teamet. Terapeutane i teamet har sjølvstendig behandlingsansvar i sine saker og har fleksibel arbeidstid til å organisere det kliniske arbeidet opp mot kvar enkelt familie. Terapeutane mottar kvar veke rettleiing frå teamleiar, som regel i Førde. Rettleinga skal hjelpe med at behandlinga blir gitt i tråd med FFT sin  kliniske modell. 

Stillinga inneber eit unikt høve for grundig opplæring i ein integrativ familieterapeutisk behandlingsmodell som har vist gode resultat for familiar og ungdom med bekymrande åtferd. FFT bygger på ei bredde av teoretiske retningar innan psykoterapi og familieterapi, og utgjer ein fagleg spanande utviklingsmoglegheit. Alle FFT - terapeutar får grundig opplæring av nasjonal FFT konsulent ved NUBU og deltek i den kontinuerlege kompetansehevinga av FFT-teamene i Noreg.

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Familieterapeutisk arbeid etter FFT sin kliniske modell.
  • Koordinere det faglege arbeidet i kvar enkelt sak.
  • Gjennomføre FFT sine kvalitetssikringsrutiner.
  • Delta i opplæring samt rettleiing kvar veke.
  • Drive informasjonsarbeid om FFT.

Kva slags bakgrunn har du?

  • Profesjonsstudiet i psykologi.
  • Søkjarar med høgskuleutdanning og vidareutdanning i familieterapi, eller mastergradutdanning innan helse- og sosialfag med klinisk vidareutdanning og erfaring, kan også vere aktuelle for stillinga.
  • Erfaring frå terapeutisk arbeid, gjerne med familiar og barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar.
  • Søkjarar bør ha god kjennskap til det teoretiske fundamentet til metoden, dvs. systemteori, kognitiv terapi og sosial læringsteori.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Søkjarar må ha sertifikat.

Kven ser vi etter?

  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og kunne skriftleggjere ditt arbeid.
  • Ein føresetnad for stillinga er ønske om, og høve til å arbeide fleksibelt.
  • Det vert stilt krav om at den som blir tilsett, arbeider sjølvstendig, er ansvarleg, nøyaktig, effektiv og har gode samarbeidsevner.
  • Det vil bli lagt stor vekt på at den som blir tilsett, er personleg eigna.

For oss er det svært viktig korleis du som person passar til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 490 600 - 643 000 pr. år (ltr. 55-70), stillingskode 1304 som psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 566 700 - 817 000 pr. år (ltr. 63-80), stillingskode 0795 som spesialpsykolog, p.t. kr 566 700 - 682 000 pr. år (ltr. 63-73). Stillinga kan også plasserast i stillingskode 1534 som spesialutdanna miljøterapeut, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog i lønsramme 18, alt. 5-11, p.t. kr 458 900 - 535 200 pr. år (ltr. 51-60), alternativt i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog i lønsramme 18, alt. 7-11, p.t. kr 458 900 - 535 200 pr. år. Stillingskode og løn vert vurdert etter utdanning og ansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Hos oss får du også:

  • Grundig opplæring i modellen som vil bli gjennomført i Oslo.
  • Rettleiing kvar veke knytt til det kliniske arbeidet.
  • Fagleg oppfølging og utvikling.
  • Dyktige og entusiastiske kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø

Opplysningar til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til Funksjonell familieterapi (FFT) Sogn og Fjordane.
  • Politiattest må frmleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.

NUBU har eit fagleg ansvar for implementeringa av Funksjonell familieterapi, og skal såleis ta del i rekrutteringsprosessen av FFT terapeutar. Når du søker på stillingane gir du derfor samtidig samtykke til at NUBU får innsyn i søknaden din. Meir informasjon om FFT finn du på http://www.nubu.no

Kontaktinformasjon

Frank Norman Leversund, teamleder FFT Sogn og Fjordane, tlf. 466 19 756, e-post: frank.leversund@bufetat.no

Anne Lothe Brunstad, spesialrådgiver/psykologspesialist NUBU, tlf 400 17 620, e-post: a.l.brunstad@nubu.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk 

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju eller leggast ved elektronisk.


Lenke til annonse 
Søk på stillingen
 

Søknadsfrist
19. mai 2021