Du er her

Psykolog / psykolog­spesialist

Spesialisert habilitering Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

 

Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. 

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Vi har ledig stilling for psykologspesialist/ psykolog med interesse for habilitering frå 01.11.19.

Spesialisert habilitering Sunnmøre gir eit tverrfagleg tilbod til personar frå 18 år med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparat. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert. Seksjonen har til saman 15 stillingar og er tverrfagleg bemanna med lege, vernepleiere, psykologspesialist, barnevernspedagog, fysioterapeut, spesialpedagog og helsesekretær.  Alle tilsette har vidareutdanning innan ulike område relevant for fagfeltet habilitering. Seksjonen har tilsett tre spesialistar, ein lege med spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering, ein psykolog samt ein legespesialist. Seksjonen er organisert i avdeling for sjukehuspsykiatri. Seksjonen held til i Åsebøen 11, 5 etg, nært sykehuset Ålesund. Det foreligg planar om flytting av seksjonen i oppussa lokaler. I samband med ambulant verksemd, må ein rekne med ein del reise hovudsakleg i kommunane  på Sunnmøre.
 

Arbeidsoppgåver

  • Spesialisert utgreiing-, diagnostisering- og behandling
  • Utadretta verksemd med rettleiing og rådgjeving til samarbeidspartnarar
  • Pasient- og pårørandeopplæring
  • Tverrfagleg samarbeid og deltaking i team, kompetansegrupper og andre aktuelle forum
  • Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/ psykolog
  • Det er ønskeleg med spesialisering innan klinisk psykologi,nevropsykologi eller habilitering 
  • Det er ønskeleg med erfaring med målgruppa
  • Det er ønskeleg med kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
  • Det er ønskeleg med erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
  • Må ha førerkort klasse B
  • Psykologer uten autorisasjon kan vurderes mot bindingsavtale.

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne kommunisere med personar med kognitive funksjonsnedsettingar
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig og i samarbeid, både i poliklinisk og ambulant kontekst
  • Du har gode evner til tverrfaglig samarbeid og sans for ein god diskusjon
  • Du må kunne kommunisere med og inngå i samhandlingsprosessar med pårørande,tilsette i personalgrupper og det aktuelle nettverket til pasientar i målgruppa 

Vi tilbyr

  • Eit spennande fagområde som er i utvikling
  • Eit godt, stabilt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tilrettelegging for kompetanseutvikling og samarbeid med erfarne kollegaer
  • Fleksitidordning og sjølvstende i planlegging av eigne arbeidsdagar
  • Studiepermisjon 4 md. kvart 5. år for spesialistar
  • Tilrettelegging for rettleiing og kurs for å vedlikehalde spesialiteten
  • Tilgang til internundervisning og kompetansegrupper
  • Moglegheit for dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglar
  • Fordelaktig rekrutteringsordning for nytilsette psykologar og psykologspesialistar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)  
     

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Kontakt:

Frode Skjelstad, seksjonsleiar, tlf.  70 10 61 40, e-post Frode.Skjelstad@helse-mr.no

Lenke til annonsen
Søk på stillingen
 

Søknadsfrist
30. september 2019