Du er her

Psykolog / psykolog­spesialist

Vestland Arbeidsrådgivning, NAV

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver

Vi ynskjer ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hjå oss. NAV er IA-verksemd og vi tilrettelegg arbeidsforholda om du har behov for dette.

Vi har ledig ei fast stilling som psykolog/psykologspesialist ved NAV Arbeidsrådgivning Vestland med arbeidsstad Førde. Stillingen vil ha hovedkontor i Førde og få ansvar for tenestene som skal leverast til Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Nordhordland.

NAV Arbeidsrådgivning Vestland er eit fylkesdekkjande ressurs- og kompetansesenter (spesialeining) som har utfyllande arbeidsretta kompetanse innan arbeidspsykologi, pedagogikk og jobbmeistrande kartleggings- og rettleiingsmetodikk. Totalt består kontoret av 11 tilsette og leverer tenester til NAV-kontora i fylket. 

Tenester som vert levert av NAV Arbeidsrådgivning skal vera eit komplementært tilbod til øvrige tenester i NAV. Vi legg stor vekt på å ha eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, særleg viktig er kontakten med rettleiarane ved NAV-kontora. Vi har i tillegg utstrakt brukarkontakt.

Vi søker etter kandidatar som identifiserer seg med verdigrunnlaget til NAV, og som syner forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, kartlegging og utvida rettleiing av brukarar med fokus på arbeid
  • Tematisk og fagleg undervising og rettleiing av tilsette ved NAV-kontora
  • Karriererettleiing til brukarar med samansette utfordringar som er usikre på karriereval

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog/psykologspesialist
  • Klinisk røynsle (psykisk helsevern/rehabilitering)
  • Kompetanse innan utgreiing

Personlege eigenskapar

Du har:

  • gode servicehaldningar og god kommunikasjonsevne
  • resultat- og løysingsorientert fokus
  • god evne til å gjennomføre

Du er:

  • målretta, nøyaktig og får oppgåvene unna
  • god til å arbeide sjølvstendig så vel som i lag med andre

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Variert, tverrfagleg samarbeid
  • Fagleg utvikling og oppfølging innan relevante fagområder for stillinga
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Veiledning
  • Mulighet for dekning av relevant spesialisering
  • Tilsetting i stillingskode 0794/0795 psykolog med lønnsspenn kr. 594.400 – 655.400 kr. Per år. For særlig kvalifiserte søkjarar/ søkjarar med godkjend spesialitet kan høgare lønnsplassering vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Kontakt

Emilie Ingjerd Øy Pons, leiar NAV Arbeidsrådgivning Vestland, tlf. 455 17 120, epost: emilie.pons@nav.no
Hilde Sari, fagleiar/psykologspesialist, tlf. 924 36 599, epost: hilde.sari@nav.no

Lenke til annonsen
Søk på stillingen
 

Søknadsfrist
31. august 2019