Du er her

Psykolog - interkommunal stilling

Stad, Stryn, Bremanger og Gloppen kommunar

Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som psykolog frå 01.03.2020. Stillinga er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stad, Stryn, Bremanger og Gloppen. Stillinga er organisert i eining for helse i Stad kommune.

Kommunepsykologen skal arbeide systemretta, førebyggjande og ha særleg fokus på barn, unge og deira familiar. Psykologen vil kunne nytte kommunal bil til ambulant arbeid ute i dei aktuelle kommunane.


Arbeidsoppgåver 

  • Delta i tverrfaglege fora i kommunane
  • Samarbeid, drøftingar og rettleiing i skular, barnehagar, helsestasjonar, barnevern, PPT og flyktningtenester
  • Rettleiing både i enkeltsaker og på tema/systemnivå
  • lnformasjonsarbeid og undervisning om psykisk helse
  • Deltaking i relevant planarbeid i kommunane


Kvalifikasjonar 

  • Utdanning som psykolog eller psykologspesialist med norsk autorisasjon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må levere politiattest før start i stillinga


Personlege eigenskapar 

  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
  • God fagleg vurderingsevne


Vi tilbyr 

  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode høve til å påverke, skape og utvikle den interkommunale psykologrolla


Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.


Kontaktinformasjon: Barbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg, tlf. 928 55 900, e-post barbro.longva@stad.kommune.no og Linda Gotteberg, einingsleiar helse, tlf. 416 94 203, e-post linda.gotteberg@stad.kommune.no


Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
8. mars 2020