Du er her

Psykolog

Helse Bergen - Divisjon psykisk helsevern / Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Psykolog i sjukehus, Konsultasjonstenesta

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar, og deira pårørande. Stillinga er ved Konsultasjonstenesta som er lokalisert i det nye barnesjukehuset på Haukeland universitetssjukehus. Konsultasjonstenesta består av psykologspesialistar og barnepsykiater, og tar imot tilvisingar eller tilsynsførespurnader frå legar på alle somatiske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus der det er behov for psykologisk oppfølging. Tenesta arbeider med akutt og/eller kronisk sjuke barn og somatiseringstilstandar, samt bidrar med utgreiing av psykiske lidingar hos barn og unge som er innlagd i somatisk helsevern. Tenesta er elles ein del av sjukehuset sin daglege beredskap ved kriser og katastrofar. Organisatorisk er vi ein del av Spesialpoliklinikken, PBU .

Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). 


Arbeidsoppgåver 

Oppfølging av pasienter og familier til barn/ungdom som opplever alvorlige diagnoser/ulykker/skader. Dette kan innebere kriseintervensjon, hjelp ved traumatiske og skremmande opplevingar og/eller familie-/par-intervensjon. Konsultasjon til helsepersonell. Hjelp til barn/unge som strever med meistringsoppgåver knytt til sjukdom. Behandling av prosedyreangst. Oppfølging av barn/unge med smertetilstander. Arbeid med barn/unge med komplekse eller samansette symptomlidingar / somatiseringstilstandar. Vurdering av barn/ unge med mistanke om psykiske helseplager i tilknytning til sin somatiske sjukdom/skade. Vurderingar av pasientar som er innlagt pga. intoksikasjon / alvorleg sjølvskading. Deltaking i tverrfaglige team og ulike samarbeidsprosjekt i somatisk helsevern


Kvalifikasjonar 

Psykologspesialist/psykolog med relevant erfaring utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og unge. Norsk autorisasjon. Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg. Vilje og evne til fagleg oppdatering på beste praksis     


Personlege eigenskapar 

Vi ønsker deg som er nysgjerrig, varm, respektfull og trygg i møte med familiar i krise ved alvorlige sjukdom/skade/symptomlidingar. Arbeidet krev god evne til samarbeid med andre faggrupper


Vi tilbyr 

Løn etter avtale

Spennande fagutvikling i samarbeid med nasjonalt nettverk

Rettleiing og fadderordning

Trivelige kollegaer i nytt og fint bygg 

Faglig varierte og spennande arbeidsoppgåver

Oppleving av at arbeidet du gjer har stor betyding for barn og familiar


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
28. oktober 2019