Du er her

Psykolog

Bømlo og BUP Stord - 100 % fast kombinert stilling

Barne- og familietenesta (BFT) er ei fleirfagleg teneste som består av pedagogisk psykologisk teneste (PPT), helsestasjonsskulehelse og jordmorteneste, avlastningsbustad samt sosiale tenester for personar med funksjonsnedsetting. BUP Stord, Helse Fonna gjer tenester på spesialistnivå til barn og unge ( 0-18 år) I Sunnhordland og Hardanger. Stillinga er kontorplassert på Bømlo, Bømlohallen Svortland og Stord, Stord Sjukehus. Det er ca. 30 min. køyring mellom arbeidsplassane.

Det er ledig inntil 100 %  stilling som psykolog frå 01.01.2019 i Bømlo Barne og Familieteneste i samarbeid med BUP Stord/ Helse Fonna. Stillinga vil kombinerast med evnetesting i PPT og kommunepsykolog innanfor det psykiske helsefeltet barn og unge i Bømlo, medan halve stilling er knytt til psykologteam i BUP Stord for å få eit breitt og solid fagfelt å jobbe innunder.

Me er på jakt etter deg som er utdanna psykolog og er på jakt etter ein spanande arbeidsplass med gode utviklingsmoglegheiter. Denne stillinga vil vere ein unikt høve å kombinere kommune og spesialisthelsefagfeltet i ei stilling.

Me lanserte nyleg barn og unge sine helsetenester. Sjå film og bli betre kjend med oss


Hovudmålsetjinga med stillinga:

  • at barn og ungdom som treng det skal få ei god og grundig utgreiing
  • å gi god og grundig rettleiing til foreldre for å hjelpe barnet sitt


Personlege eigenskapar som vert vektlagt er:

  • har god arbeidskapasitet
  • er påliteleg
  • er fleksibel
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • kan arbeide sjølvstendig


For stillinga  kan me tilby:

  • Interessante og spanande utfordringar
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Løn etter avtale og fleksible arbeidsforhold
  • Me oppmodar menn og personar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga


For meir informasjon:

BFT - verksemdsleiar Linda Hellen, tlf. 909 61 702 eller e-post lhe@bomlo.kommune.no

BUP Stord - funksjonsleiar Siv Merete Handeland, tlf. 992 88 092 eller e-post Siv.Merete.Handeland@helse-fonna.no


Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
31. mai 2019