Du er her

Psykolog - 2. gongs utlysing

Ulstein kommune - Oppvekst og kulturetaten, PPT

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.   

Vi har ledig ei 100 prosent nyoppretta stilling som psykolog i  Interkommunalt PPT for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta. 

Arbeidsoppgåvene vert i hovudsak knytt til Ulstein, Volda og Ørsta vidaregåande skular med arbeidsoppgåver etter opplæringslova.

Uanvhengig av organisering skal stillinga ha eit tett samarbeid med andre tenester. Tverrfagleg innsats står sentralt.


Arbeidsoppgåver

  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid
  • Kartlegging og avklaring av behov
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Tverrfagleg utviklingsarbeid og kvalitetsutvikling
  • Å dele psykologfagleg kunnskap med andre tenesteutøvarar via rettleiing, konsultasjon og undervisning
  • Deltaking i systemarbeid, planarbeid og fagutvikling


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog/psykologspesialist
  • Engasjement for tidleg innsats og tverrfageleg samarbeid
  • Relevant kompetanse og/eller erfaring med tidleg intervensjon, førebygging og helsefremjande arbeid knytt til psykisk helse
  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • God munnleg- og skriftleg kommunikasjon
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Du må ha sertifikat klasse B og kunne disponere eigen bil.

Ulstein kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.


Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til fleirfagleg og kollegialt samarbeid
  • Du er fleksibel og handlingsorientert
  • Du jobbar målretta og strukturert
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er serviceinnstilt

Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.


Vi tilbyr

  • Spanande stilling der du vil ha ei viktig rolle i å vidareutvikle psykologfunksjonen i PPT- tenesta, spesielt retta inn mot ungdom og vidaregåande opplæring
  • Kompetente medarbeidarar i eit aktivt og engasjerande miljø
  • Deltaking i nettverkt for PPT- psykologar i Møre og Romsdal fylke
  • Tilrettelegging for spesialisering for psykologar som har behov for dette
  • 7,5 t/v.  Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale


Kontaktinformasjon: Randi Lyngbø Ottesen, konstituert leiar PPT, tlf. 480 17 429.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
12. april 2023