Du er her

Psykolog

Giske kommune - Barn, familie og helse

Giske kommune har om lag 8500 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Det er ledig 100 % vikariat som psykolog i psykisk helseteam for barn, unge og familiar ved eining Barn, familie og helse. Stillinga er ledig frå 28.11.22 – 01.09.23 med mogeleg forlenging i eitt år. 

Giske kommune er opptatt av å levere gode tenester til alle innbyggjarane i kommunen, med stort fokus på barn og unge. Psykisk helseteneste til barn,unge og familiar er organisert i eining Barn, familie og helse i lag med helsestasjonen, barneverntenesta, PPT,  legetenesta, tildelingskontoret, flyktningetenesta og fysio/ergoterapitenesta. Desse teama har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats. Kontorstad er rådhuset på Valderøya.

Kommunen etablerte i 2016 eit psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar. Målet er å kome tidleg inn med førebyggande tiltak og å styrke det tverrfaglege arbeidet. Teamet har  i dag to  tilsette; 100 % stilling som psykolog og 100 % stilling som familierettleiar/terapeut. Teamet er veldig engasjert i arbeidet med å gi  gode tenester ved å jobbe i eit ressurs- og familieperspektiv, i tett samarbeid med andre tenester til barn og unge. I tillegg til klinisk individult arbeid, er det systemiske perspektive grunnleggande i tenesta. Vi er også opptatt av kollegarettleiing og gjensidig støtte i det daglege arbeidet. Einingsleiar for Barn,familie og helse er næraste overordna.

For meir informasjon om tenesta kan du gå til Giske kommune si heimeside: https://www.giske.kommune.no/

Er du ein person som liker å jobbe med barn, unge og deira familiar, er strukturert, målretta og god på samarbeid, og er på utkikk etter ein spennande og lærerik arbeidskvardag, ser vi fram til å høyre frå deg. Stillinga kan vere svært aktuell for psykologer i spesialisering.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.


Arbeidsoppgåver

  • Råd og rettleiing til foreldre
  • Familiesamtaler/terapi
  • Individualsamtaler med barn og unge, evt. i grupper
  • Arbeide på andre arena som heim, skule og barnehagar
  • Teneste- og kvalitetsutvikling
  • Tverrfagleg samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet, barnehagar og skular
  • Koordinering av hjelpetiltak 


Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent/autorisasjon som psykolog. I tillegg er det ønskeleg med sertifisering i ICDP, PMTO, COS-P
  • Klinisk erfaring frå arbeid med barn og unge og foreldre
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil 

 
Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikative evner
  • Engasjement og løysingsvilje
  • Interesse for og evne til tverrfagleg samarbeid
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Trivst med å jobbe sjølvstendig og i team
  • Fleksibel


 Vi tilbyr  

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår


Kontaktinformasjon: Gretha Giske, einingsleiar, tlf. 970 28 234.


Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
14. oktober 2022