Du er her

Psykolog

Helse Bergen - Bjørgvin distriktspsykiatriske senter

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Er du vår nye “psykose”-psykolog?

Vi søkjer etter psykolog til vår psykosepoliklinikk/ FACT team i 100 % fast stilling. Vi legg til rette for raskt spesialiseringsløp innan klinisk vaksenpsykologi, med 4 års praksis på Bjørgvin DPS og 1 års praksis frå barne- og ungdomspsykiatri, eventuelt frå kommunehelsetenesta. 

Bjørgvin Disktrikspsykiatriske Senter (DPS) er ein av 6 kliniske klinikkar i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune.
Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.


Bjørgvin DPS sine kjerneoppgaver er:

  • Spesialisert utredning og differensiert behandling
  •  Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell  


Bjørgvin psykosepoliklinikk / FACT team:
Er breitt tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet.

Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er underlagt tvungen psykisk helsevern utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til tvungen psykisk helsevern. 


Arbeidsoppgåver

  • Utredning og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Samarbeid med/ rettleiing av førstelinjetenesta


Kvalifikasjonar

  • Psykolog
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg


Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • God teamarbeidar
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert


Vi tilbyr

  • Godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling gjennom eksterne og interne kurs
  • Klinisk rettleiing med erfarne psykologspesialistar anten i gruppe eller individuelt
  • Eit god tilrettelagt og raskt spesialiseringsløp innan klinisk vaksenpsykologi
  • Lønn i henhald til gjeldande avtalar


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Kontaktinformasjon: Wenny Bernes, seksjonsleiar, tlf. 55 95 70 00 og Fredrik Hiis Bergh, klinikkdirektør, tlf. 55 95 70 00 / 41 47 57 58


Lenke til annonsen
Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
8. august 2022