Du er her

Psykiater og Psykologspesialist

Helse Bergen - Divisjon psykisk helsevern

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

 

Helse  Bergen, Divisjon psykisk helsevern og avdeling for rusmedisin er i ferd  med å etablere ei ROP eining. Eininga skal ivareta pasientar med alvorlege psykiske vanskar og  rusmiddelproblemtatikk.

Til denne einga søker vi psykiater og psykologspesialist som er engasjert i pasientgruppa og ønskjer å vere med å utvikle tilbodet ved einiga. Vi har behov for deg som har erfaring frå psykisk helsevern og rus og som ser på denne stillinga som ein sjanse til å gje pasientgruppa eit meir heilskapleg tilbod. 

ROP- pasientane fell ofte mellom to stolar i behandlingssystemet. Denne utfordringa vil vi gjere noko med og vi inviterer deg med til å bidra til å styrke helsetenesta til desse pasientane. Dette samsvarar med både nasjonale og internasjonale retningsliner, lokale brukarperspektiv og er nedfelt i Helse Bergen sin strategiplan.

Vi inviterer deg som er den engasjerte spesialisten til å ta samarbeidet mellom psykisk helsevern, rusmedisin, DPS-a og dei kommunale tenestene eit viktig steg vidare  for å gje pasientane eit meir samanhangande  behandlingstilbod. Du ønskjer å ta aktiv del i oppbygginga av dette nye tilbodet i lag med andre gode kolleger og vil bidra med eit engasjert  blikk og konstruktive bidrag.  Du er interessert i både å arbeide direkte med pasientane i heilskaplege pasientforløp, samt å arbeide meir utoverretta med rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.


Arbeidsoppgåver 

  • Behandlaransvar i heilskaplege pasientforløp 
  • Rettleiing med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med ansvarsgruppene rundt pasienten
  • Handtere tvang i samsvar med lovverket
  • Medverke til å  utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap


Kvalifikasjonar 

  • Spesialist i psykiatri
  • Psykologspesialist. Spesialist i rus- og avhengighetspsykologi er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå klinisk arbeid med ROP-pasientar
  • Erfaring frå tverrfagleg  samarbeid internt og eksternt
  • Erfaring med døgnbehandling
  • Erfaring  med forbetringsarbeid


Personlege eigenskapar 

  • Du er prosess- og løysingsorientert
  • Du skapar gode relasjonar og samhald
  • Du er  inkluderande og involverande
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du arbeider planmessig og strukturert
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet


Vi tilbyr 

  • Bidra til å utvikle ei ny retning og gi eit nytt tilbod til ROP-pasientar i eit tett samarbeid mellom psykisk helsevern, avdeling for rusmedisin, kommunane og dei lokale DPS-a
  • Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar
  • Krevjande og spennande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale


Kontaktinformasjon: Elisabeth Vikøren, rådgivar, tlf. 480 91 686 og Roger Atle Wæhle Kårstad, prosjektleiar, tlf. 417 01 350.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
31. mai 2021