Du er her

– Innadvendt grunnhaldning

Det finst nok av nye felt for psykologar å gå inn i. Men faget sin innverknad på samfunnet blir hemma av ein stand som er innadvendt, passiv og for oppteken av å sikra sin eigen posisjon. Det meiner organisasjonspsykolog Per Espen Stoknes.

Publisert
5. november 2009

TOK AVSTAND: Det er ti år sidan «foresight»-forskaren Per Espen Stoknes gjekk ut av Psykologforeningen. – Men det kan henda eg melder meg inn att ein dag, seier han. Foto: Privat

Han vil ikkje kallast framtidsforskar.

– Framtida går ikkje an å forska på, seier han.

Men det går an å legga til rette for kreative og strukturerte samtalar om kva som kan koma til å skje. Det går an å rettleia store scenariodrivne strategiprosessar, til dømes for oppdragsgivarar som Olje- og energidepartementet, Statkraft, Schlumberger og Telenor. Det er dette Per Espen Stoknes har halde på med i 12 år. Nestan like lenge som han har vore utmeldt av Psykologforeningen.

– Eg opplevde Tidsskriftet som uinspirerande og psykologar som surmulande og passive, seier han. – Psykologforeningen sto for meg fram med ei innadvendt grunnhaldning, mest oppteken av å kvalitetssikre prosedyrar og vise at ein var like god som legane, og spesielt psykiaterane.

Psykologar – seg sjølve nok

– Etter tolv år i «foresight»-feltet: Har du opplevd interesse frå andre psykologar?

– Nei. Dei er ikkje negative, men er litt seg sjølve nok – med terapi, etikk, kvalitetssikring og arbeidet med å bli spesialist. Det er det som er det store. I staden for å venda seg ut og omfemna endringane i samfunnet, så snevrar dei seg inn i psykolog- og terapipyramiden. Om eg skal setta det på spissen, kan eg seia at det i psykologien eksisterer ein slags konstituerande teori om at det er inne i hjernen det skjer, at det er det indre livet som tel. Men livet utspelar seg i møte med verda, samfunnet og naturen. Difor har eg jobba med økopsykologi og meir samfunnsorienterte tilnærmingar. Eg har vore oppteken av korleis ein kan bruke psykologisk kunnskap til å fremja sosiale prosessar. Andre har jobba meir med tilhøvet til naturen.

– Sidan dette er skrive i samband med Psykologforeningen sitt 75 års-jubileum: Tapar foreininga noko på denne haldninga?

Foreininga er vel til for fleirtalet av medlemer. Men det store i anvendt psykologi for tida er åtferdspsykologien i kjølvatnet av Daniel Kahneman, seier Per Espen Stoknes. I 2002 fekk den israelske psykologen Nobelprisen i økonomi for å ha integrert innsikter frå psykologisk forsking i økonomisk vitskap, i sær når det gjeld menneske sine vurderingar og val i situasjonar prega av uvisse.

– Dette har ført til at åtferdspsykologien er ei hovudbølgje i økonomifaget, og eit samanbrot etter finanskrisa i økonomiske teoriar som tradisjonelt har basert seg på førestellingar om at folk tek rasjonelle val, forklarar Stoknes.

Psykologi og klima

Stoknes dreg fram andre felt som vender blikket utover, som miljøpsykologi i kjølvatnet av R.S. Ulrich, som er oppteken av interaksjonen mellom menneske og rom, menneske og plantar, menneske og bygningar.

– Dette er ikkje nye ting. Teoriane har eksistert i 30 år, men no ser vi at dei blir tekne i bruk, seier Stoknes. Han nemner òg at APA har oppretta ei eiga «task force» som skal sjå på grenselandet mellom psykologi og klimaspørsmål. Dei gav i haust ut ein diger rapport om psykologi og klima, Psychology and Global Climate Change.

– Eg har jobba ein del saman med Jørgen Randers ved BI, som har vore visedirektør i Verdas Villmarksfond (WWF). Han sto mellom anna bak vekstdebatten på 1970-talet, og har jobba med klima og miljøspørsmål i alle år. Det vi ser, er at politikarane ikkje kan gå lenger enn det folk er villige til å akseptera. Difor er det avgjerande korleis folk tar inn over seg informasjonen dei får om miljøspørsmål. Det handlar om fenomen som haldningar, fantasiar, narrativar og nekting. Dette er òg eit felt det er fruktbart at psykologar engasjerer seg i.

Sjukeleggjering av livsvanskar

– Ei av dei største utfordringane både Noreg og andre i-land står overfor i dag, ser ut til å vera kostnadene frå enorme trygdeytingar og stadig meir ekspansive helsebudsjett. Kan psykologar bidra til betring på slike felt?

– Dette er ein annan grunn til at eg forlét Psykologforeningen. Saman med resten av helsevesenet bygger dei på ein definisjon som handlar om å vera frisk eller sjuk. Dette fører til ei sjukeleggjering av ein del livsprosessar som er krevjande, men naturlege. Kombinert med arbeidslivet sitt kortsiktige syn på tilsette som ressurs, er dette ein ustoppeleg tendens. Det finst ingen ende på kva ein kan pøsa inn i eit helsevesen som skal ta seg av livsvanskane til både privatpersonar og arbeidslivet, ikkje når desse blir sjukeleggjorte i staden for at symptom blir forstått som bodskap.

– Eg opplevde Tidsskriftet som uinspirerande og psykologar som surmulande og passive

Psykologar er ein del av dette, hevdar Stoknes.

– Dei sit på kontora og skal gjera folk friske med evidensbaserte terapiformer. Psykologprofesjonen er blitt ein handlangar for eit system som sjukeleggjer det uperfekte, ineffektive og strevande mennesket. Folk som slit, skal ha ein diagnose, ein tankeform frå medisinen som ikkje passar med eit mangfaldig og originalt liv. Ein tenkjer for snevert om kva det er å vera produktiv. Aksepten for melankoli er veldig lav i arbeidslivet og livet elles.

– Kva er alternativet?

– Det er som med årstidene i naturen. Også dei mørke sidene er naudsynte delar av sjelas økologi. I staden for å definera som sjukt må ein sjå det som eit språk. Symptoma prøver å fortelja noko, om mennesket eller arbeidsplassen sitt liv. Kva formidlar arbeidsplassen når den produserer uføre? Kva fortel dei diffuse smertene om livsvanskar? Kanskje handlar ikkje ryggsmertene om muskel- og skjelettplager, men om å ha rygg til å bera livet det blir venta at ein skal bera.

ENTEN ELLER: – Psykologforeningen bygger saman med resten av helsevesenet på ein definisjon som handlar om å vera frisk eller sjuk. Dette fører til ei sjukeleggjering av ein del livsprosessar som er krevjande, men naturlege, seier Per Espen Stoknes. Illustrasjon: YAY Micro/A.O.L. Hageberg

Stoknes understrekar at mange psykologiske tradisjonar har dette perspektivet på lidingar.

– Men eg opplever at psykologisk kunnskap fort blir borte i ein offentleg debatt om psykisk helse. Eg har ikkje sett Norsk Psykologforening halda fram slike standpunkt, dei spring meir psykiatrien sine ærend gjennom å halda nye kurs i evidensbaserte terapiar for å behandla diffuse diagnosar.

Teknologi og psykologi

– James Bray var oppteken av psykologar sitt tilhøve til teknologi. Den opplagte assosiasjonen er jo hjerneforskinga sin bruk av fMRI og EEG. Ser du for deg andre område av faget der psykologar kan ta teknologien i bruk?

– Eg vil snu på det og heller seia at teknologien er veldig psykologisk. Det som slår igjennom, er Facebook, Twitter og andre sosiale medium. Det er psykologi som driv dette. Andre aktuelle fenomen er sjølvframstillinga i bloggar og oppbygginga av alternative identitetar, til dømes som avatar i nettsamfunnet Second Life. Leiken med identitetar og emosjonaliteten i cyberspace ligg tett opp til det psykologien kan forklara. Teknikken er i ferd med å bli veldig psykologisk, og psykologar kan vera med på å forstå, kommentera og eventuelt forbetra teknologien i dei sosiale mediene. Dette er ein samfunnsretta og positiv arena der psykologar kan bli tydelegare i framtida.

Per Espen Stoknes meiner altså det er nok av nye arenaer for psykologar å svinga seg på i åra som kjem. Nokre er allereie godt etablerte, som tradisjonen etter Kahneman. Sjølv har han opplevd psykologbakgrunnen som ein veldig stor fordel i arbeid med gruppeprosessar, organisasjonsarbeid og leiarutvikling.

Eg har lært av klinisk praksis å lytta på ein annen måte enn konsulentar med bakgrunn frå økonomi eller ingeniørfag. Dei går ofte glipp av viktig informasjon som eg får med meg. Men eg har ikkje sett at psykologar har kasta seg over sjansane som finst og valt å gå ut. Det er meir snakk om at andre fagfelt forsyner seg av metodane frå psykologien. Det er ikkje slik at det er eit stort behov for psykologar der ute som folk sit på gjerdet og ventar på skal bli dekt. Psykologar må realisera etterspurnaden, eller så gjer andre grupper det, understrekar Stoknes.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 11, 2009, side 1082-1083

Kommenter denne artikkelen