Du er her

Tidleg kjønnsidentitet

Gutar og jenter favoriserer kjønnsspesifikke leiker frå den stunda dei lærer seg å krabba.

Dr. Brenda Todd og Sara Amalie O’Toole Thommessen ved City University viste sju ulike leiker til 90 ungar på mellom 9 og 36 månader. Nokre var stereotypiske guteleiker, som ein bil, ei gravemaskin, ein ball og ein blå bamse. Andre var «jenteleiker»: ein rosa bamse, ei dokke og eit leikekjøkken. Ungane blei plasserte ein meter frå leikene og fekk velja det dei sjølv ville. Dei viste signifikante preferanse for leiker som var stereotypiske for deira eige kjønn.

Forskarane fann ingen samanheng mellom val av leiker og foreldra sitt rapporterte syn på kva som var passande, og kva kjønnstypiske aktivitetar dei elles utførte.

– Gutane gjekk rett på ballen og den svarte bilen, medan jentene henta bamsen og dokka, seier Brenda Todd til BPS Media Centre. – Vi blei overraska over å finna forskjellane hos så unge born.

Studien er den første til å finna så konsistent og stabil ulikskap i val av leiker hos ungar under 18 månader.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 6, 2010, side

Kommenter denne artikkelen