Du er her

Raude fotballtrøyer hindrar mål

Straffespark mot ein målvakt i raudt har mindre sjanse for å gå i nettet.

ILLUSTRASJON: ODA VALLE

Raudfargen ser ut til umedvite å påverka negativt spelarane si von om å lukkast, noko som gjer at dei presterer dårlegare.

Dei britiske forskarane Iain Greenlees og Michael Eynon ved University of Chichester har undersøkt prestasjonane og forventingane til suksess hjå 40 fotballspelarar som fekk i oppgåve å skyta straffespark mot målvaktar med drakter i ulike fargar. Spelarane vurderte på førehand sjansen for å scora mot dei ulike draktene som like stor.

Dei 40 skaut ti straffespark mot ein keeper i svart og ti mot ein kledd i blått, gult, grønt eller raudt. Spelarane skåra færrast gongar mot ein målvakt i raudt (54 % suksessrate). Deretter kom gul (69 %), og blå og grøn (72 % og 75 %).

Dette kan bety at raude drakter kunne gje ein sportsutøvar eller eit lag eit lite, men teljande overtak i ein konkurranse, seier Greenlees til BPS Media Centre.

– Det vil også kunna ha noko å seia for sportsgreiner der deltakarar får tildelt ein tilfeldig farge, som boksing og kampsport i OL, kommenterer han.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 6, 2010, side

Kommenter denne artikkelen