Du er her

Kjønnsdelt matlyst

Menn er betre enn kvinner til å bruka viljen for å undertrykka svolt.

Publisert
5. juni 2010

Over heile verda er kvinner meir råka av matlystplager og overvekt enn menn. Gene-Jack Wang ved Brookhaven National Laboratory i USA kan vera på sporet av ei forklaring. Han nytta PET-scan til å undersøka hjerneaktiviteten hos fastande kvinner og menn medan dei blei eksponerte for bilete, lukt og smak av favorittmaten sin. Nokre av forsøkspersonane av kvart kjønn blei så bedne om å ignorera matlysta som oppstod.

Hos mennene påverka den villa undertrykkinga straks metabolismen i hjernen. Gruppa som undertrykte matlysta, viste mindre aktivitet i hjerneområda som styrer svolt. Hos kvinnene var det derimot lik hjerneaktivitet hos dei to gruppene. Forsøkspersonane sine opplevingar tilsvarte målingane. Mennene som prøvde å kontrollera matlysta, kjente at den minka, medan kvinnene opplevde at den heldt seg like sterk, skriv scientificamerican.com.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 6, 2010, side

Kommenter denne artikkelen