Du er her

Stoler på fagfolka

Det er gode samarbeidsforhold i sjukehusa, meiner administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

Publisert
3. april 2017

– Rune Frøyland meiner at styringa frå HR-tilsette i sjukehusa aukar, og at behandlarane sitt syn på organiseringa av tenestene blir ignorert. Kommentar?

– Det er styret og administrerande direktør i helseføretaka som har ansvar for styring i sjukehusa. Slik styring skjer i lina, altså mellom leiingsnivå. HR-avdelingane er stabsfunksjonar i sjukehusa som i alle andre verksemder. Dei skal støtte leiinga i deira utøving av arbeidsgjevarrolla. I denne oppgåva ligg mellom anna rådgjeving i korleis ein skal forstå lov- og avtaleverk knytt til arbeidsgjevarrolla. Desse drøftingane har som mål å høyra kva dei tillitsvalde meiner, og få gode innspel som arbeidsgjevar kan ta med seg i det vidare arbeidet. Alle innspel er velkomne. Basert på dette skal leiinga eller arbeidsgjevaren ta ei avgjerd. På denne måten meiner eg at dei tillitsvalde er tatt vare på i helseføretaka.

– Har ikkje sjukehusleiinga tillit til at fagfolk tar avgjerder som er best for pasientane?

– Jo, så absolutt. Leiingsmodellen som er praktisert i helseføretaka, har tillit og delegering som grunnleggjande føresetnader. Fagfolk i sjukehusa har gjennomgåande solid kompetanse, og vi har stor tillit til at dei tar vare på ansvaret dei har for pasientane, på ein god og fagleg måte.

– Frøyland meiner det eksisterer ei tillitskrise mellom behandlarar og leiing i sjukehusa. Er det verdt å gå inn for tiltak og endringar som øydelegg tilliten?

– I det store og heile opplever eg at det er gode samarbeidsforhold i sjukehusa, noko som me òg er heilt avhengige av. Medarbeidarundersøkinga vår viser òg det. Jobbtilfredsheit, motivasjon og leiaråtferd skårer rundt 8 av 10 moglege poeng. Det er viktig at spørsmål knytt til samarbeid og utvikling framleis blir løfta opp i dialogen mellom tillitsvalde og leiinga.

– I den norske forhandlingsmodellen er det stort sett slik at verken arbeidsgjevarsida eller arbeidstakarsida kan få medhald i alle krava sine. Utgangspunktet vårt i denne forhandlinga var å vidareføra gjeldande tariffavtale. Eg synes det er vanskeleg å akseptere premissen om at vi gjennom dette har gått inn for tiltak og endringar som øydelegg tilliten.

– Kva meiner du må gjerast for å få eit betre tillitsklima i sjukehusa?

– Spekter og helseføretaka har ved fleire høve invitert Akademikarane og Legeforeininga inn til møte og prosessar, slik at vi betre skal forstå kvarandre og dei utfordringane som ligg framfor oss. Det vil me halda fram med. Eg har godt håp om at me framover skal få til gode og konstruktive prosessar mellom partane sentralt, regionalt og lokalt. Eg har stor tillit til tilsette og tillitsvalde, og ønskjer ein god og open dialog til beste for pasientane, dei tilsette og for sjukehusa.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 54, nummer 4, 2017, side

Kommenter denne artikkelen