Du er her

Endeleg i rampelyset

SAMLA 1000 Daan van Knippenberg heldt opningsforedraget på Eawop-kongressen i Oslo nyleg. Foto: Vanja Skotnes

Arbeids- og organisasjonspsykologi kjem ofte i bakgrunnen i saker som Psykologforeininga arbeider med, slår Sverre Nielsen fast. Han er medlem i organisasjonskomiteen som nyleg arrangerte den største EAWOP-kongressen nokon gong.

Publisert
5. juli 2015

1500 deltakarar er ny rekord. Arbeids- og organisasjonspsykologar frå heile verda var samla i Oslo i slutten av mai då den 17. kongressen for European Association of Work and Organizational Psyschology (EAWOP) blei arrangert.

– I bakgrunnen

– Hensikta med å søkje om, og å arrangere, kongressen var å setje arbeids- og organisasjonspsykologi på kartet i Noreg og for norske psykologar, og syne at Norsk psykologforening tek dette fagområdet av psykologien på alvor, seier Per A. Straumsheim. Han er spesialrådgjevar i Psykologforeininga og leia organisasjonskomiteen for Eawop-kongressen.

Med seg i organisasjonskomiteen hadde han blant andre spesialrådgjevar Sverre Nielsen i Psykologforeininga. Nielsen meiner at faget «arbeids- og organisasjonspsykologi» ofte kjem i bakgrunnen i foreininga sitt arbeid.

Kongressen har betydd eit løft både for arbeidet vårt med og for dette feltet. Samstundes har me bringa faget, frå forsknings- og praksisfeltet, til landet, i den største EAWOP-kongressen som nokon gong har vore halde. Eg trur det betyr mykje for faget generelt og for bevisstheita om det her i Noreg spesielt, seier Nielsen, som meiner at i dette fagfeltet, spesielt innanfor rekruttering og leiar-utvikling, er det mange useriøse tenesteleverandørar.

FOR ARBEIDS- OG ORGANISASJONSPSYKOLOGIEN Per A. Straumsheim og Sverre Nielsen var i organisasjonskomiteen for Eawop-kongressen. Foto: Norsk psykologforening

– Me har eit godt stykke igjen for å få fleire kvalitetssikra tenester og seriøse leverandørar, meiner Nielsen.

Kongressen har, trur han, betydd mykje for dei som i Noreg ynskjer å få forskinga meir fram i lyset og å få ei betre og meir seriøs utøving av faget. Det finst ifylgje Nielsen nokre gode fagmiljø både innanfor forskningen og i praksis.

Øverste hylle

Per Straumsheim understreker at norske psykologar som er interesserte i fagfeltet, på Eawop-kongressen kunne velje frå øvste hylla med omsyn til kvalitet og variasjon. Og sjølve arbeidet fram mot kongressen har vore like viktig, framheld Straumsheim.

– Gjennom arbeidet med programkomiteen og programmet har me fått kontaktar i heile Europa og verda som me kan dra nytte av i tida framover. Programkomiteen med deltakarar frå universiteta i Oslo og Bergen og frå Handelshøyskolen BI blei eit fantastisk lag som me reknar med å ha god kontakt med seinare i faglege samanhengar, sier Straumsheim.

Rekord i dyr by

Korleis utvikle effektiv og respektfull leiing i urolege tider? Det var tema for kongressen i mai. Det var rekord i talet på deltakarar trass i at kongressen i år blei arrangert i ein av verdas dyraste byar. Per Straumsheim trur at dette skuldast fleire faktorar.

– For det første gjorde programkomiteen ved leiar Ståle Einarsen ein særs god jobb. Dessutan trur eg at temaet for kongressen trefte veldig godt.

Straumsheim opplyser at det er første gong leiing er adressert slik, og meiner at det inviterte programmet reflekterte temaet svært godt.

– I tillegg brukte Psykologforeininga mykje pengar og ressursar på det inviterte programmet, seier Straumsheim, som òg trur at Noreg for mange deltakarar er eit eksotisk reisemål.

Mykje jobb

Når det gjeld Eawop-kongressen og ressursbruken for Psykologforeininga, er det god økonomisk balanse, opplyser generalsekretær Ole Tunold. Per Straumsheim har jobba med kongressen i fire år, på full tid store delar av det siste året. Sverre Nielsen har jobba mykje frå i haust, fulltid sidan nyttår. Over 50 studentassistentar var i sving den siste veka før kongressen. Kurskonsulentane i Psykologforeininga har vore involverte nokre veker før kongressen.

– Spesielt dagen før og under kongressen var svært mange i sekretariatet engasjerte, arbeidde lange dagar og gjorde ein fantastisk innsats. Totalt bidrog dette til ein kongress som me har fått svært mange gode tilbakemeldingar for, seier Per Straumsheim.

Hvordan forsvare for deg selv at du handler uetisk?

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 7, 2015, side 602-603

Kommenter denne artikkelen