Du er her

Journalisten som kom inn frå kulden

– Her i redaksjonen brukar de innestemme. Det har vore eit kultursjokk for meg, seier Øystein Helmikstøl etter ein knapp månad i Psykologtidsskriftet.

Publisert
5. mars 2012

GRAVEKLAR: – Det ligg openbart journalistisk gull i psykisk helse-feltet, seier Tidsskriftet sin nye medarbeidar, Øystein Helmikstøl.

Foto: Arne Olav L. Hageberg

Ifølgje han er vi så venlege og varme at det ikkje er bare-bare for ein hardbarka avisjournalist å omstilla seg. Øystein kjem direkte frå jobben som internettnettsjef i Dagsavisen, der han mellom anna har hatt ansvar for oppbygging og drift av den anerkjente meiningsportalen nyemeninger. no. Men kvifor ville han til oss for å bli journalist og redaksjonssekretær?

Pirka i makta

– Psykologien grip om seg i samfunnet og får stadig meir å seia, slår Helmikstøl fast. Det er slikt som gjer psykologifeltet spanande for ein som alltid har interessert seg for å pirka i makta og avdekka kven som eigentleg bestemmer over kva.

– Òg, understrekar han, psykologi er interessant i seg sjølv. – Dessutan interesserer tidsskriftformatet meg. Det gjev rom for å gå djupt og breitt i stoffet og jobba meir med sakene.

Dette er ikkje sjølvsagt når ein jobbar i dagspressa, der enkle konfliktlinjer og kjappe nyhende ofte er det som blir etterspurt.

– Tidsskriftformatet har i seg eit potensial for å vera grundig, konkluderer han, og dreg også fram gleda og verdien i å jobba med noko som er meir varig enn nettjournalistikken og dei kjappe debattane, som han har skrive og redigert sin del av.

Rikssynsarveldet

Helmikstøl ser òg at Tidsskriftet kan vera med å bidra til at samfunnsdebatten baserer seg meir på forsking og mindre på synsing. Han understrekar at han er audmjuk med tanke på si eiga rolle i dette. Men meiner like fullt at Tidsskriftet, med sin sterke identitet som formidlar av seriøst forskingsstoff, har potensial til å kunna motarbeida rikssynsarveldet – der stadig færre meiner mykje om mange ting.

– Eg såg i dagspressa kor lett det var når det nærma seg deadline å ta opp telefonen og ringa dei du visste alltid hadde den på og alltid hadde noko å seia. Der har vi i Tidsskriftet eit potensial til å nå ut med noko meir vektig og ta inn gode artiklar som kan prega debatten, seier Helmikstøl, og dreg fram fagartikkelen frå desemberutgåva som problematiserte den utstrekte bruken av elektrosjokkbehandling i psykisk helsevern.

Vi spør om journalistiske førebilete, og svara kjem trillande.

– Astrid Meland i VG er ein veldig god journalist. Det ho har skrive om Treholt-saka og Fasting Torgersen-saka, er førebiletleg. Eg kunne òg nemnt mange i Dagsavisen, der eg har lært mykje om reieleg journalistikk. Og Harald Eia. Det han gjorde på sitt beste i «Hjernevask» – då han var modig, nysgjerrig og sanningssøkande – var formidabelt.

Innelåste gravejournalistar

Den nye kollegaen vår har forresten ein ønskedraum for redaksjonen.

– Eg skulle ønska vi hadde to gravande journalistar, som jobba bare med det. Dei skulle plasserast på eit låst rom – der vi hadde nøkkel – og sleppast ut når dei hadde ei ferdig sak å presentera.

Helmikstøl er ikkje redd dei måtte sitta så lenge der inne, for det som har med psykologi og psykisk helse å gjera, er underbelyst.

– Det ligg openbart journalistisk gull i feltet, seier han, og nemner som døme at vi står på terskelen til Noregs største rettssak, som óg kjem til å dreia seg om psykologiske vurderingar. Dessutan er det vanvittig mykje pengar i feltet.

– Då er det garantert òg mykje grums.

For ikkje å nemna alle politiske tiltak, handlingsplanar og utgreiingar som aldri blir evaluerte og ikkje gått etter i saumane.

– Det er mykje å ta tak i. Og papiravisene slit, medan tidsskrift er moderne.

På tampen, har han ei helsing til lesarane?

– Tips oss om kva vi bør skriva om, og gje respons! Korriger oss når vi gjer feil, og sei frå, anten de er sure eller glade.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 3, 2012, side 306

Kommenter denne artikkelen