Du er her
Fire på gangen
Elisa Dulcey (66), Colombia
– Eg har vore på ei rekke internasjonale kongressar før, mellom anna i New York og Stockholm. Å vera her er veldig interessant, mest det å møta så mange ulike folk. Det beste for meg har vore å følgja forelesingane om utviklingspsykologi og livslaup, især ein russisk rundebordskonferanse om forskjellar på ulike generasjonar sine opplevingar av kva det vil seia å ha det bra.
– Om eg skal koma med ein kritisk kommentar, så er det at det var negativt at så mange forelesarar ikkje dukka opp.
Yasin Coç (23), Tyrkia
– Dette er min første store internasjonale kongress. Den verkar godt organisert, og variasjonen i emne er enorm. Eg ønskjer å starta ei ny interessegruppe for unge studentar som er opptekne av krysskulturell psykologi, og her har eg fått mange nye kontaktar. Zimbardo si førelesing var kjempebra, informerande, inspirerande og underhaldande. Eg fekk snakka med han og fekk lov til å ta i bruk skalaen hans for måling av tidsperspektiv.
– Eg skulle gjerne hatt kaffi inkludert, og ikkje bare to bongar for dagen. Og så var lokala for postersessions heilt ueigna; trange og veldig varme. Men dette blei ordna etter første dag.
Nicholas Carr (55), Norge (og Storbritannia)
– Eg likar i utgangspunktet ikkje slike store kongressar. Det er vanskeleg å orientera seg, og ein må bruka ein time kvar dag til å finna ut kva ein skal gå på. Det er nesten ein heil arbeidsdag til saman. Det at folk ikkje dukka opp, kan tyda på at det er blitt for stort og uforpliktande. Noko har skjedd.
– For meg er det viktigaste det å treffa kollegar innanfor samfunnspsykologien og å høyra presentasjonane deira. Eg er òg på leit etter ukjente samfunnspsykologar å rekruttera inn i European Community Psychology Association (ECPA). Og så deler eg ut flyers om den europeiske samfunnspsykologikongressen i York i september.
Jennifer Quinn (24), Irland
– Det er min første internasjonale kongress, og opplevinga er overveldande. Men eg likar det godt. Eg har presentert ein poster, og opplevde at det var meir skremmande å gjera det på ein smal kongress for spesialistar enn på ein slik brei psykologikongress som dette. Her er folk ute etter å bli informerte, ikkje etter å granska innlegga på jakt etter noko å henga seg opp i.
– Min kritiske kommentar er eigentleg positiv: Det skjer så mykje samstundes at det er vanskeleg å velja. l
Kommenter denne artikkelen