Du er her

Med lisens til å meina

Norsk Psykologforening er blitt ein aktiv samfunnsdebattant. Gjennom ein bevisst strategi leverer dei dagleg innspel til samfunnsdebatten – på oppdrag frå Landsmøtet. Men kva skal ein meina noko om? Og kor går grensa mellom offentlege og private ytringar?

Publisert
5. juni 2011

Får merksemd: Tor Levin Hofgaard har opplevd at bloggen hans er blitt sitert både i aviser og på Stortinget. Då har strategien verka. Foto: Bo Mathisen

Foreininga sin president går rett som det er høgt på banen i eigne innlegg, eller for å takla andre sine innspel i samfunnsdebatten. Foreininga sine heimesider har fleire faste bloggarar. Nina Dalen skriv om fagetikk, Birgit Valla om å vera psykolog i kommunen, og Tor Levin Hofgaard skriv om likt og ulikt. Han har vore innom klima, datalagring, gameshows og golf – og no sist om at håp tok livet av Osama bin Laden – at den politiske våren vi ser spira fram i arabiske land, er eit resultat av at Al-Qaida-leiaren sine forsøk på å gro misnøye gjennom å så motløyse, har slått feil. Dette siste innlegget har fått reaksjonar på innhaldet, men òg på at presidenten på denne måten luftar sine personlege politiske standpunkt i embets medfør, så å seia.

Ein kan finna psykologi i alt, seier dei to. Det er altså ikkje noko problem å finna noko å skriva om. Utfordringa er å ikkje skriva om for mykje

– Eg er aldri privat på blogg eller på Twitter, slår Tor Levin Hofgaard fast då vi møter han og Psykologforeininga sin informasjonssjef Gøril Wiker til ein prat om forvaltinga av rollene som fagforeining og samfunnsdebattant.

Ukjent land

Samstundes har det utvikla seg nye konvensjonar, understrekar Gøril Wiker. Der vi før var overlatne til pressebilete og formidla informasjon om alt og alle, kan vi i dag følgja statsministeren eller utanriksministeren på Twitter og få personlege augneblikksbilete, til dømes frå taxien i New York. Svært mange offentlege personar deler i dag glimt frå kvardagen sin. Slik skjønar vi at det står menneske bak politikk og meiningar. Dette er bra, meiner Hofgaard og Wiker. Men det er ukjent territorium for alle. Ingen har klare grenser.

– Det kan godt hende at vi trør feil ein gong iblant, seier Hofgaard.

– Klart vi trør feil! sparrar Wiker. – Difor er det viktig med tilbakemeldingar. Men det er mykje betre å vera med der det skjer og av og til trø feil, enn å ikkje vera med.

Tilbakemeldingar – det vere seg på Facebook, i kommentarfelt til bloggar, her i Tidsskriftet eller på Twitter – er altså både venta og ønskt.

Wiker understrekar at dei ikkje beklagar at det blir debatt. Tvert om, dei heiar på dei som er engasjerte og skriv.

– Utan engasjerte medlemer vil ei foreining som vår døy, seier ho.

Kvitrar for eiga rekning

Twitter (av det engelske ordet for fuglekvitring) er eit nettsamfunn som lèt brukarane senda og lesa andre brukarar sine oppdateringar, som er tekstbaserte meldingar på inntil 140 teikn. I Noreg har anslagsvis 200 000 oppretta Twitter-konto. Desse vel sjølve fritt kven sine meldingar dei vil abonnera på. På profilsida er det plass til ein kort eigenpresentasjon av brukaren. Korleis er saksgangen i Psykologforeininga når Hofgaard skriv om presentasjonen sin? Sidan han debuterte på Twitter i fjor haust, har den blitt endra frå «president i Norsk Psykologforening» til «Psykologspesialist med sentrale verv her og der, bl.a. fulltid i Psykologforeningen. Twittrer på vegne av meg selv, og ikke på vegne av organisasjonene jeg er i». Er endringa ei felles avgjerd som han rådfører seg med til dømes informasjonssjefen om?

– Eg synest ikkje vi treng å gå inn på korleis det går føre seg eller korleis vi konkret jobbar, seier Gøril Wiker. Men ho understrekar at dagens profil snakkar sant: Når Hofgaard twitrar, er det som privatperson, og ikkje på vegner av organisasjonen.

– Det du seier der, Tor, er det du som seier.

– Ja.

På Facebook, derimot, kan både presidenten, kommunikasjonssjefen og nettredaktøren ytra seg bak foreiningslogoen. I praksis er kommentarar med den avsendaren difor offisielle kommentarar frå foreininga. Dette gjeld også det som blir publisert på bloggane til Hofgaard.

Sitert på Tinget

– Ingenting av det som kjem på bloggen, høyrer heime bare på bloggen, slår Hofgaard fast.

Det kunne vore publisert kor som helst, i Tidsskriftet eller som kronikk i ei avis, men på bloggen har foreininga sjølv kontroll med kva tid det skal publiserast. Det gjev mellom anna høve til å vera aktuell og frampå, som i den konkrete saka med bin Laden. Dagen etter at Hofgaard sin bloggtekst blei publisert, trykte Aftenposten kronikken «Død – for godt» av den franske filosofen Bernard-Henri Lévy. Denne inneheldt mykje av det same tankegodset, fortel Gøril Wiker.

Liv laga: Kommunikasjonssjef Gøril Wiker i Psykologforeninga heiar på dei som er engasjerte og skriv. – Utan engasjerte medlemer vil ei foreining som vår døy, seier ho. Foto: Åsa Maria Mikkelsen / kolonihaven.no

Men ein blogg er ein open publiseringskanal på lik linje med eit etablert tidsskrift eller ei avis. Ein har ikkje kontroll med kven som les eller bit seg merke i det ein skriv, og det er sjølvsagt også noko av poenget. Hofgaard har opplevd at bloggen hans er blitt sitert både i aviser og på Stortinget. Då har strategien verka. For det er ein strategi. Blogginnlegg om datalagring, gameshows og tortur er ikkje uttrykk for presidenten sine personlege oppheng.

– Det er ikkje sånn at eg blir kjempeengasjert i eitt eller anna tema, kjem på jobben, set meg ned og skriv i hui og hast og postar det på bloggen, smiler han.

Tekstane blir til gjennom eit samarbeid mellom Hofgaard, kommunikasjonsansvarlege og ofte fagpersonar elles i foreininga.

Medviten strategi

Då Hofgaard for tre og eit halvt år sidan tok over som president, var noko av det første han gjorde, å samla troppane for å diskutera korleis dei skulle få realisert Landsmøtet sitt vedtak om å gjera foreininga til ein aktiv samfunnsaktør. Ein av metodane dei kom fram til, var, gjennom aktiv bruk av bloggar og sosiale medium, å syna at psykologifaget har stor relevans også når det kjem til det som ikkje handlar om helse.

– Vi spør oss sjølve: Er det noko som skjer no som vi kan aktualisera? fortel Hofgaard.

Dei opplever at viktige samfunnsaktørar byrjar å følgja dei på Facebook og Twitter når dei legg ut ting som treffer. Ein kan finna psykologi i alt, seier dei to. Det er altså ikkje noko problem å finna noko å skriva om. Utfordringa er å ikkje skriva om for mykje.

– Vi vil ikkje bli rikssynsarar, understrekar presidenten.

Men hovudbodskapen må vera at ein har eit engasjement for samfunnet, ikkje bare for psykologar. Det er lett å finna døme på andre fagforeiningar som tenkjer likt. Tekna engasjerer seg og har meiningar om både skatt og miljø, og LO har gjort det heile tida. Den som viser engasjement, bygger truverde. Den som har truverde, får fleire til bords, sjølv den dagen han mjølar si eiga kake.

Mest på Facebook

Der det skjer mest om dagen, er faktisk på Facebook. Første september i fjor byrja Psykologforeininga å posta alle oppdateringar der, med lenke til heimesidene, etter at ein såg andre samfunnsaktørar gjera det same. Resultatet var ein merkbar auke i treff – frå dag ein. Alt foreininga publiserer, blir lenka til frå www.facebook.com/Psykologforeningen. Facebook er no blitt det føretrekte debattforumet for personar som har meiningar om det Psykologforeininga til kvar tid postar, meir enn kommentarfelta på heimesida.

– Vi er ikkje først ute, men vi heng så absolutt med, seier Wiker.

Målet er klart: å nå ut til fleire. Difor er målgruppa for ein bloggtekst som den om Osama bin Laden ikkje bare andre psykologar; noko av poenget er å visa heile samfunnet at ein er med, har meiningar og bryr seg – også om det som ikkje direkte vedkjem psykologar sine posisjonar og lommebøker.

Mange seier det er flott at vi er så tydelege, understrekar Hofgaard. – Vi er på rett veg.

Tor Levin Hofgaard på Twitter: http://twitter.com/TorLH

Bloggkommentarar

Kristin Schøyen: Jeg har sansen for en president som er sterk og tydelig, og som tør formidle budskap som kan gå litt på tvers av gjengs oppfatning. Men som jeg tolker ham selv i hans eget «Ett fag – mange utøvere» [Tidsksriftet 1/2011] må vi som psykologer være vårt ansvar bevisst, og være klar over den slagkraften det er både i våre handlinger og ord. I så måte opplever jeg at presidenten i sine blogginnlegg og på twitter går ut over sitt mandat. […]

Når bloggen ligger på psykologforeningens hjemmesider og det også fra sidene her linkes til Hofgaards twitterkonto som om han er en personifisering av foreningen, da blir det feil. Når man blogger eller twitrer må det for leserene være tydelig hvem som snakker; er det psykologen Hofgaard eller er det en samlet psykologforening? Svaret er helt tydelig det første, og da bør også dette komme tydelig frem.

Line Lysbakken: Jeg synes Presidentens innlegg var veldig bra. Jeg ønsker en psykologforening som har aktive meninger om psykologien i verden rundt oss. Mange takk!

P.A.: Jeg kjenner at jeg er grundig lei av at psykologforeningens leder bruker div offentlige fora som sin personlige politiske lekegrind. Er dette hans mandat? Er dette ønsket og tjenlig for foreningens medlemmer?? […]

Jeg er overhode ikke interessert i Hofgaards personlige meninger om utenrikspolitiske anliggender. Eller føre denne diskusjonen videre her. Han kan arbeide som fagforeningsleder og for utvikling av faget vårt i Norge. Det er derfor jeg er medlem av Psykologforeningen.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 6, 2011, side 587-589

Kommenter denne artikkelen