Du er her

Intet nytt fra psykologfronten

Landsmøtet er avslutta. Kor blei det av dei store visjonane? Vedtaka som kan dra profesjonen og faget vidare? Det var som om lufta gjekk ut av ballongen allereie på slutten av dag ein, då Sentralstyret trekte sitt eige forslag om endringar i medlemskriteria.

Publisert
5. januar 2011

Alle interesserte nok har fått det med seg: Årets store thriller enda i eit kompromissvedtak så dyktig manøvrert fram at det står som ein siger for alle partar. Dei som er imot at Psykologforeininga skal opna opp for medlemskap for masterar med kompetanse på nivå med EuroPsy-standarden, kan slappa av. Dei har vunne nok eit slag. Dei som ville noko anna – inkludert presidenten, visepresidentane og heile Sentralstyret – har carte blanche til å halda fram prosessen med å nærma seg «andre grupper med høy psykologikompetanse», som det heiter i kompromissvedtaket.

Status quo

Det blei snakka i gangane, av delegatar og observatørar med lang fartstid i foreininga, om at dette var eit heller keisamt landsmøte. Endring er moro, stillstand er keisamt. Og kan henda blei det litt mykje av det siste: Det blei ikkje opna opp for medlemskap for psykologimasterar. Tor Levin Hofgaard er framleis president i foreininga. Rune Frøyland held fram som visepresident for det som har å gjera med løna og arbeidsmarknadane til medlemene, ein posisjon han har hatt i 25 år. Aina Holmén fekk ny tillit som visepresident for det faglege. Og foreininga sitt hovudsatsingsområde dei komande tre åra blir psykologisk lågterskeltilbod – som det har vore dei førre tre. Status quo, med andre ord.

Birgit Valla seier det slik i sitt blogginnlegg frå Landsmøtet 2010:

… jeg har ventet. Saker har vært fremlagt, og den ene etter den andre psykologen har vært på talerstolen. Hvor er inspirasjonen?

Lovendringsforslag flikkes og spikkes på, budsjettet debatteres i lengre tid, og andre underlige ting skjer fra talerstolen. Medlemskapsdebatten har vært behandlet, men er lagt død. Så hvor er de store temaene? Når skal vi begynne å snakke om det som virkelig betyr noe? Samfunnet, psykologien og de menneskene som vi er til for? […] den store inspirasjonen uteblir.

OPEN HAND: Leiaren i Masterforeininga Henriette Kaasa i samtale med generalsekretær Ole Tunold (t.v.) og spesialrådgjevar Per A. Straumsheim. Kaasa var inviterte som observatør under Landsmøtet. I gjesteskribentspalten i denne utgåva kan du lesa korleis ho opplevde å bli teken imot.

Sveaass blei æresmedlem

Det som nok samla og løfta forsamlinga mest under dette Landsmøtet, var utnemninga av Nora Sveaass til æresmedlem i Norsk Psykologforening. Tor Levin Hofgaard heldt ein tale som rørte så vel prisvinnaren som resten av tilhøyrarane. Sveaass fekk utmerkinga for arbeidet sitt for menneskerettane, som går som ein raud tråd gjennom psykologkarrieren hennar. Heilt sidan 1986 har ho vore heiltidsengasjert i arbeidet med flyktningar og asylsøkarar i Noreg, især dei som har opplevd overgrep og brot på menneskerettane.

Det personlege engasjementet til Sveaass har gjort inntrykk langt utover landegrensene. Sidan 2005 har ho vore medlem av FNs torturkomité. I takketalen sin la Sveaass vekt på kor viktig kjennskap til menneskerettighetene er i alt psykisk helsearbeid. Ho minte om at norske psykologar har eit stort ansvar for å bidra til å sikra menneskerettane for dei som er underlagt tvungent psykisk helsvern her til lands.

Arbeidet med Psykologforeininga sitt nye prinsipprogram som har gått føre seg i denne landsmøteperioden, kulminerte i eit einstemmig vedtak, men med eitt viktig tillegg: Sør-Trøndelag-benken foreslo at menneskerettsperspektivet skulle koma tydelegare inn i programmet, noko Landsmøtet tok til følgje. Forslagsstillarane argumenterte mellom anna med foreininga sin kritikk av den amerikanske psykologforeininga APA si lenge uavklarte haldning til det som gjekk føre seg på Guantanamo, der psykologar mellom anna rettleidde Forsvaret i bruk av umenneskelege psykologiske forhøyrsteknikkar. Ei formulering om at psykologar pliktar å ivareta grunnleggande menneskerettar, blei teken inn.

Masterdebatten

Hofgaard innleidde debatten om medlemskap for masterar med EuroPsy-kompetanse, som hadde vignetten Profesjon i endring, med å hevda at diskusjonar om medlemskap ikkje er noko nytt i foreininga si historie.

– Dette har vi halde på med i 76 år, sa han. – Det er ein del av det å vera ei levande foreining. Vi har møtt utviklinga med å vera opne. Det er ikkje konservatisme som har skapt suksessen vår.

Sentralstyret meinte at ein med å opna opp for andre psykologifaglege grupper med høg kompetanse kunne sikra seg ein sentral posisjon for å bidra til ein høg etisk standard i ei større breidd av det psykologifaglege arbeidet. Fagforeiningsmessig hevda Hofgaard òg at det var ein klar fordel med fleire medlemer, især sidan masterar generelt har ei høgare startløn enn psykologar.

Delegaten Sverre Johnsen frå Buskerud starta det som etter kvart opplevdest som ein straum av motinnlegg, med å åtvara mot at foreininga fjernar seg frå den tydelege suksessformelen som satsinga på psykologar sin plass i helsevesenet tydeleg har vore.

– Treng vi meir heterogenitet? Kva vil det gjera med fagforeiningsfølelsen? Kva har vi å tena? Kan det vera at vi har meir å tapa? spurte han, og understreka at han ikkje var åleine om å vurdera medlemskapen sin i foreininga om Sentralstyret sitt forslag blei vedteke.

E-postundersøking

Krister Fjermestad frå Hordaland fortalde om at dei som den nest største lokalforeininga hadde sendt ut ein e-post til 979 medlemer for å høyra kva dei tenkte om saka, med lenke til landsmøtepapira og det som har stått om saka her i Tidsskriftet. Kva ville dei stemt? Og kva for argument såg dei? Berre 35 svarte, altså 3,6prosent. Av desse var 11 for og 24 imot Sentralstyret sitt forslag.

Argumenta for handla mest om moglegheitene for å styrka det psykologifaglege miljøet, sjå andre som ein ressurs og ikkje vera proteksjonistiske – å bli sterkare saman.

Motargumenta handla mellom anna om faren for utvatning av psykologidentiteten, ei mogleg svekking av fagforeininga, norske psykologar si særstilling i Europa og faren for statustap.

Thomas Lie frå Troms sa det slik:

– Vi må gjerne jobba for dei, men ikkje som medlemer i mi fagforeining!

ÆRE: Nora Sveaass mottok ståande ovasjonar då ho blei utnemnd til æresmedlem i Psykologforeininga.

Varsla utmeldingar

Joar Øveraas Halvorsen frå Sør-Trøndelag heldt deretter eit innlegg som viste så tydeleg som det lét seg gjera, kor landet låg. Han opna med å sitera opningsforedraget på Landsmøtet. Dette blei halde av Robert Roe, president i European Federation of Psychologists’ Associations (EFPA), som fortalde om psykologar sin situasjon elles i Europa. Dei framstår mange stader som ikkje samla, medan i Noreg er posisjonen sterk fordi faggruppa har fått ein veldig klar profil. Halvorsen har engasjert seg i debatten her i Tidsskriftet i forkant av Landsmøtet, med eit klart standpunkt imot inkludering av masterar. I kjølvatnet av dette kunne han fortelja om mange telefonar og e-postar frå folk som ville vurdera medlemskapen sin om forslaget gjekk igjennom.

– Eg trur vi kjem til å laga B-psykologar som har lyst til å jobba i psykisk helsevern, konkluderte han.

Han drog fram Nora Sveaass, ei som har vist at psykologar med klinisk kompetanse kan brukast på andre samfunnsområde enn bare i psykisk helsevern, og førte deretter argumentasjonen til eit nytt nivå:

– Eg stiller meg litt kritisk til å ha ein president som seier at kompetansen min bare kan brukast til klinisk arbeid.

Forslag om uravstemming

Birgit Valla frå Hedmark understreka at ho var glad for å ha ei leiing som ser framover. Nokre meinte at ei uravstemming var påkravd i eit slikt spørsmål.

– Om det hadde vore folkeavstemming over kvinner sin stemmerett i 1913, så hadde ikkje eg stått her, poengterte ho, og hevda at spørsmålet handla om å vera på sidelinja eller vera med. Ho oppfordra alle til å stemma for Sentralstyret sitt forslag.

Eirik Molvær meinte ulike scenario rundt ei eventuell endring i medlemskriteria var godt utgreidde av Sentralstyret, men han sakna eitt: Kva kan det føra til av uro i organisasjonen? Det han oppfatta som ein sterk motstand i medlemsmassen, hadde ført til at han som delegat for Møre og Romsdal ville stemma nei.

Premissleverandør

På dette punktet tok Tor Levin Hofgaard ordet og trekte tilbake sentralstyret sitt opphavlege forslag. Under opningstalen tidlegare på dagen hadde han lova dei 96 delegatane og rundt 40 andre deltakarane ein trykkokar tre dagar til ende, men det som måtte ha vore av damp, gjekk no ut av forsamlinga. Ein redaksjonskomité presenterte dagen etter to forslag. Saka enda i eit vedtak der det heiter at Psykologforeininga skal halda fram med å ha ei aktiv rolle som premissleverandør for utviklinga av psykologifaget og psykologprofesjonen, og føra vidare arbeidet med kva slags forhold ein skal ha til andre høgkompetente grupper innanfor psykologifaget.

Den erfarne forskaren Annie von der Lippe var til stades som observatør, men fekk talerett til å koma med ei åtvaring om at eit vedtak om å vera «premissleverandør» kan oppfattast som nokså grandiost. Men det blei like fullt vedteke.

Med det vedtekne forslaget har Landsmøtet gjeve tydelege signal til Sentralstyret om at foreininga i framtida skal vera ein viktig aktør i utviklinga av faget. Dette stiller mellom anna krav om at foreininga frametter utviklar ein forskingspolitikk.

Eit slåande moment under behandlinga av spørsmålet om medlemskap var kor mange av debattantane som takka sentralstyret for god handsaming av saka – same kva standpunkt dei sjølv hadde teke.

Det nye sentralstyret

  • Tor Levin Hofgaard, president
  • Rune Frøyland, visepresident med ansvar for lønns- og arbeidsmarkedsfeltet
  • Aina Holmén, visepresident med ansvar for fag- og profesjonsfeltet
  • Elisabeth Holck-Steen, Aust-Agder (gjenval)
  • Kjetil Kaasin, Telemark (gjenval)
  • Geir Skauli, Telemark (ny, vara i førre periode)
  • Kristian Knudsen, Troms (gjenval)
  • Ane Johnsen Lien, Rogaland (ny)
  • Ingunn Hagen, Sør-Trøndelag (ny)
  • Birgit Aanderaa, Oslo (ny)

Vararepresentantar:

1. vara: Tora Garbo, Hordaland (gjenval)

2. vara: Jarle Refnin, Østfold (gjenval)

3. vara: Jon Tomas Finnsson, Nordland (ny)

4. vara: Joar Øveraas Halvorsen, Sør-Trøndelag (ny)

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 1, 2011, side 97-99

Kommenter denne artikkelen