Du er her

Samfunnsoppdraget er å utdanna kliniske psykologar

Norske psykologar skal først og framst vera klinikarar, meiner leiaren ved Psykologisk fakultet i Bergen, Gerd Kvale. Dei andre områda vil ho overlata til psykologiutdanna masterar.

Publisert
5. september 2010

KNOPPSKYTING: Psykologifaget har vakse formidabelt sidan 1960-talet. Dei faglege forgreiningane er no så mange at det er illusorisk å tru at profesjonsstudiet skal dekka alt grundig, meiner Gerd Kvale ved Universitetet i Bergen. Foto: Arne Olav L. Hageberg

– Morgondagens psykologar må slusast meir og meir i retning av klinikken. Kunnskapsmengda er så stor – og krava frå lovverk, helsevesen og pasientar, er så omfattande – at det på seks år ikkje lenger let seg gjera å få høg kompetanse på heile breidda av psykologien, seier Gerd Kvale.

– Eg trur det er stort behov for fagfolk med psykologiutdanning som kan jobba med organisasjonspsykologi, pedagogisk psykologi, helsepsykologi eller sikkerheitspsykologi. Det betyr ikkje at desse emna skal fjernast frå profesjonsstudiet, men vi er nøydde til å ta nokre val som gjev ein tydelegare profil og tidlegare spesialisering.

Så seint som i midten av juni godkjente fakultetet i Bergen ein ny studieplan som gjer det seksårige integrerte kliniske psykologstudiet endå tydelegare klinisk retta, fortel ho.

Eit seksårig integrert løp for utdanning av kliniske psykologar er det eigentlege samfunnsansvaret, og det er universiteta si oppgåve å sikre fullgod utdanning.

Tidsskriftet har reist til Bergen for å ta ein prat med leiaren av psykologisk fakultet ved universitetet der. Frå kontoret i fjerde etasje i ei blokk på eit gatehjørne like bak Stenersens samlinger har ho fantastisk utsikt både til Fløyen og lille Lungegårdsvann, og på klare dagar truleg heller ikkje så ille utsikt til norsk psykologi.

Norske psykologar i tet

Gerd Kvale understrekar at Noreg var historisk tidleg ute med å anerkjenna at psykologar skal ha kompetanse på diagnostisering og behandling av psykiske lidingar. Psykologlova av 1973 gav anerkjenning som helsepersonell. Saman med spesialistordninga har dette gjort at psykiske helsetenester her i Noreg er strukturert annleis enn i andre land.

Det norske samfunnet vurderer psykologkompetanse som så viktig at dei nesten har garantert for befolkninga at om du får psykiske lidingar, så skal du kunna få tilgang på psykolog. Alle behandlande institusjonar i psykisk helsevern pliktar å ha ein psykolog.

– Vi psykologar kan i dag vera leiarar i psykisk helsevern, spesialistar kan fatta tvangsvedtak, og ei prøveordning der psykologar sjukmelder, er godt i gang. Norske psykologar er anerkjente og har mykje ansvar. Dette stiller store krav til oss som utdanningsinstitusjonar, konkluderer ho.

Kvale avviser at endringane på profesjonsstudiet og masterprogramma er ein konsekvens av at Noreg må tilpassa seg internasjonale strøymingar.

– Når det kjem til utvikling av psykologi som eit helsefag, ligg Noreg i tet, og det er i første rekke dette vi må ta konsekvensane av i utdanningsinstitusjonane, seier Gerd Kvale.

Nye grupper med høg kompetanse

Grunnen til at Kvale ser seg nøydt til å måla psykologkompetansen for oss med brei pensel, er at vi har utfordra henne på korleis ho meiner Psykologforeininga bør forholda seg til høgt kompetente psykologivitarar, les ulike masterar i psykologi.

I løpet av våren er EuroPsy-sertifiseringa komen på plass. Den er bare for psykologar. Her til lands er det altså bare dei som er godkjende av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH), som kan få eit slikt sertifikat. Men internasjonalt er psykologtittelen mindre strengt regulert, og kan òg brukast av personar med ein master i psykologi. Psykologar utdanna og autoriserte i Noreg vil ha klinisk kompetanse. Men elles i Europa vil psykologtittelen og EuroPsy vera breiare definert. I forlenginga av dette er det blitt tenkt og sagt, mellom anna frå talarstolen på leiarkonferansen i Psykologforeininga i juni, at det er mogleg å sjå for seg at masterar med ein kompetanse tilsvarande krava i EuroPsy-standarden kan bli medlemer i Norsk Psykologforening. Dette kan det bli avstemming rundt på foreininga sitt landsmøte i november (sjå elles ein meir omfattande presentasjon i førre nummer).

Vil ha masterar på spesialistprogram

Arbeidet med EuroPsy blei starta for å sikra eit minimumsnivå på alle typar psykologtenester i Europa, understrekar Kvale, og ikkje for å senka standarden på norske psykologer. Det går an å få EuroPsy-sertifisering innanfor fire ulike område: klinisk psykologi, skulepsykologi, organisasjonspsykologi og ein samlekategori for andre område. Godkjenninga i klinisk psykologi er den som liknar mest på ein norsk psykolog.

Ved siden av profesjonsstudiet tilbyr Universitetet i Bergen òg ein master i organisasjonspsykologi som vil kunna oppfylla EuroPsy-krava når det gjeld den totale mengda av psykologifag. Men sjølv om ein tek dette studiet på 3 + 2 år (tre år bachelor og to år master), er ein endå ikkje skikka til å få ein EuroPsy, sidan standarden krev minst eitt år rettleia praksis i tillegg.

– Vi ønskjer ein dialog med Psykologforeininga om tilrettelegging av ein eitt års rettleidd praksis for masterar i organisasjonspsykologi. Vi trur òg det er riktig å gje masterar med EurpPsy-kompetanse tilgang til spesialiseringa innanfor organisasjonspsykologi, seier Gerd Kvale.

Kvifor? Fordi desse fagfolka nok vert betre skodde enn dagens psykologar til å driva med organisasjonspsykologi.

Sjølv om det ikkje er konkrete planer, er det ikkje utenkeleg at eit av universiteta om nokre år òg vil kunna tilby eit masterløp for skulepsykologi som er tilpassa EuroPsy-standarden. Kvale ymtar om at ho trur Psykologforeininga også her gjer lurt i å engasjera seg i praksiskravet og bli med på diskusjonar rundt vidare- og etterutdanning.

Ja til tidleg praksis

– Det kliniske seksårige løpet med integrert praksis er svært viktig å behalda, understrekar Gerd Kvale, og samanliknar gjerne med medisinstudiet.

Det ville vera utenkeleg at legar ikkje skulle møta pasientar før det siste året på studiet. For å sikra at nyutdanna fagfolk har tilstrekkeleg klinisk kompetanse, fekk psykologi saman med medisin dispensasjon frå den nye utdanningsmodellen med treårig bachelor- og toårig masterutdanning. Jo tidlegare ein kjem i gang med praksiskomponentar, dess betre, understrekar Kvale.

Ho er ikkje redd for at psykologimasterar eller andre profesjonsgrupper skal kunna kuppa til dømes den pågåande satsinga på eit psykologisk lågterskeltilbod. På linje med ålmennlegefunksjonane er det i førstelinja svært viktig med psykologar med kompetanse i diagnostikk og behandling. Det er her pasientane blir vurderte og tildelte ei behandling som er tilpassa dei problema dei søker hjelp for.

Difor er fakultetsleiaren glad for samhandlingsreforma for helsetenestene, og meiner ideen med å ha psykologar lokaliserte saman med fastlegar og andre er god. Og det er ikkje slik at ho ser dagens fagplan for psykologstudentar som eviggyldig. For eksempel tenker ho at morgondagens psykologar bør ha betre kompetanse i farmakologi – ikkje nødvendigvis for å forskriva medisinar, men for å få ei breiare og meir gyldig forståing av ulike sjukdomsbilete og moglege behandlingar.

Å kalla ein spade for spade

Ei utfordring dukkar alltid opp når ein snakkar om endringar i psykologifaget i Noreg: Kva skal vi kalla desse andre? Psykologtittelen er som kjent beskytta av helsepersonellova, og det er bare dei som har ein cand.psychol. som kan bruka den her til lands. Gerd Kvale stiller seg open for at dagens psykologar i framtida kan kallast kliniske psykologar. Det er jo det dei faktisk er, påpeikar ho.

– Ei innføring av bindestrektitlar ville kanskje hjelpa òg? Det kunne vera ein måte å rydda i landskapet og visa at psykologifeltet er breitt og at det finst ulike typar kompetanse, tenker Kvale.

Profesjonen er i endring. Kvale og dei andre institutt- og fakultetsleiarane sit med eit samfunnsoppdrag som forpliktar dei til å spisse psykologutdanninga i ei meir klinisk lei. Før vi bryt opp frå Bergen, utfordrar vi Gerd Kvale til å svara på følgjande spørsmål: Kva er i hennar augo det verste realistiske scenarioet?

– At vi ikkje skal evna å sjå at med den unike posisjonen som norske psykologar har i helsevesenet, følgjer eit svært stort ansvar som vi har forplikta oss til å fylla. Det ville vere ei ulykke om vi svekkar utdanninga fordi vi trur vi er i utakt med resten av verda.

Gerd Kvale håpar landsmøtet i november klarar å finna ei løysing som ikkje fører til at profesjonen står svakare, men som samtidig tar inn over seg at det i dag finst andre utdanningsløp som er relevante for Norsk Psykologforeining.

Kanskje ei løysing hadde vore å seia: «Har du ein av desse utdanningane, som ville kvalifisera for ein EuroPsy i resten av Europa, så kan du bli medlem,» spekulerer ho.

EuroPsy

  • Tilhøvet til dei nye masterane i psykologi har lenge vore diskutert i Psykologforeningen
  • Masterane arbeider hovudsakleg med deler av faget der psykologar er mindre engasjert, som organisasjonspsykologi. Psykologutdanningane blir stadig tydelegare retta inn mot arbeid i helsesektoren
  • Innføringa av EuroPsy-sertifikatet tidlegare i år, gjer det mogleg å samanlikna kompetansen til psykologar og masterar i psykologi meir direkte
  • Leiinga i foreininga har teke til orde for at masterar med ein kompetanse tilsvarande krava i EuroPsy-standarden kan bli medlemer i Norsk Psykologforening utan å vera psykologar
  • Dei nye utfordringane for faget blir truleg ei viktig sak på landsmøtet i november, som det òg var på landsmøta i 2004 og 2007
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 9, 2010, side 869-871

Kommenter denne artikkelen