Du er her

Millionunderskot i fjor

Resultatet for 2008 blei eit underskot på rundt 2,7 millionar. Den europeiske psykologikongressen blei òg eit underskotsføretak. Men økonomien er sunn og driftsrekneskapen for 2009 i balanse, forsikrar generalsekretæren.

Publisert
5. september 2009

ENDRAR KURS: – Økonomien i Psykologforeningen er sunn, trass i fjorårets underskot, understrekar generalsekretær Ole Tunold.

I juni blei årsrekneskap og økonomisk rapport for 2008 lagd fram for sentralstyret i Psykologforeningen. Rapporten viste eit underskot i forhold til budsjett på om lag 1,8 millionar kroner. Dette har vore venta, og sentralstyret blei varsla allereie i september 2008.

Ifølge rapporten skuldast dei negative tala ein kombinasjon av gale estimerte kontingentinntekter og upårekna kostnader.

Budsjetterte med minus

– Kva er desse upårekna kostnadene?

– Det er i hovudsak snakk om tre postar. Grovt rekna brukte vi 400 000 meir enn budsjettert på både husleige, reise og annonsar, fortel generalsekretær Ole Tunold.

Av desse er det bare annonseutgiftene som ikkje er varige. Desse blei ekstra store grunna konsulenttenester i samband med tilsetting av ny generalsekretær, og utlysing av ei rekke andre stillingar i sekretariatet.

Budsjettet for 2008 blei på grunn av ein feil vedteke med 700 000 kroner for mykje i estimerte kontingentinntekter. På toppen av dette fekk administrasjonen beskjed heilt på tampen av budsjettarbeidet – då eit balansert budsjett allereie var levert – om at foreininga måtte tilsetta ny generalsekretær og nettredaktør i løpet av 2008. Sentralstyret og landsmøtet enda difor opp med å godkjenna eit budsjettert underskot på 900 000 for 2008. Om ein tek med dei overestimerte kontingentinntektene og dei rundt 1,2 millionane i upårekna kostnader og dreg frå rundt 100 000 i ekstra inntekter frå Utdanningsavdelinga og Tidsskriftet, ender ein opp med eit samla underskot på rundt 2,7 millionar.

Drifta er i balanse

– 2,7 millionar er mange pengar, kor dramatisk er eigentleg dette?

– Vi gjekk med overskot fram til 2007, og har råd til eit slikt år. Det totale budsjettet er på rundt 60 millionar, så underskotet utgjer under fem prosent av dette. Det som er interessant, er om dei faste utgiftene som vi har drege på oss, blir dekte opp framover. I den økonomiske rapporten står det at utgiftene auka med 5,6 millionar frå 2007 til 2008, medan inntektene bare auka med 1,6 millionar. Det vil altså seia fire millionar i ekstra årlege driftsutgifter. Men desse har vi dekt opp gjennom auken i medlemskontingenten og prisen på kursa som blei gjennomførte i år. Driftsrekneskapen for 2009 er med dette i balanse, understrekar Tunold.

– I rekneskapsrapporten står det at ein i 2008 også hadde ytterlegare utgifter på 1,4 millionar i samband med den europeiske psykologikongressen. Desse vil ikkje vil bli kostnadsførte før i 2009, for at dei skal bli balanserte mot inntektene frå kongressen. Går det mot eit underskot også her?

– Kongressen er ei eingongsinvestering som vi har råd til å bera. Det er snakk om to ulike økonomiar: den daglege drifta – som må vera i balanse – og korleis vi vel å bruka sparepengane våre. Etter at vi fekk tilslaget på å arrangera den europeiske kongressen i 2005, gjekk vi med overskot i tre år, noko som gav rundt 5 millionar ekstra på bok.

Finanskrisa

Deltakinga på kongressen blei større enn venta, men det kom tre gonger så mange studentar som det ein hadde rekna med. Fordi desse fekk rabatt, hadde ein i praksis ikkje inntekter på dei. Det kom òg færre deltakarar enn venta som betalte full pris. I tillegg fekk ein så godt som ingen offentleg stønad og heller ikkje sponsormidlar.

– Vi kontakta minst 50 ulike firma, organisasjonar og konsern, men alle skulda på finanskrisa, fortel Tunold. Men han kan lova at medlemene ikkje vil merka noko til underskotet for kongressen.

– Ein har nokre gode år og nokre dårlege år. Kongressen var ei investering i «goodwill», fagutvikling og noko vi har råd til å bera ein gong.

– Korleis merkar Psykologforeningen finanskrisa?

– Vi merka det som sagt i samband med kongressen, men elles merkar vi ikkje noko til den. Medlemene våre er jo anten privatpraktiserande i ein stabil marknad eller tilsette i det offentlege, og har trygge jobbar.

– Er noko av kapitalen investert i fond eller aksjar som har mista verdi?

– Nei. Kapitalen vår er i all hovudsak bankinnskot med alminneleg renteavkasting. Vi har ikkje spekulert.

– Er dette ein bevisst praksis?

– Ja.

– Kva for diagnose vil du gje økonomien i foreininga?

– Den var ikkje spesielt sunn i 2008, men i 2009 er den sunn.

Som følgje av ein hestekur?

– Nei. Eg trur ikkje medlemene opplever justeringa av kontingenten som ein hestekur. Tar ein omsyn til inflasjonen, er det billegare å vera medlem i Norsk Psykologforening no enn for nokre år sidan. Økonomien er òg sunn fordi vi opplever ein stadig auke i medlemsmassen.

– Vil det koma fleire slike justeringar av kontingenten framover?

– Nei, ikkje anna enn dei årlege i takt med prisauken. Utan dette vil det bli vanskeleg å følgja opp ambisjonsnivået frå landsmøtet.

Den som vil vita meir om økonomien i foreininga, finn rapporten og rekneskapen for 2008 på www.psykologforeningen.no, som saksdokument til sentralstyret 10. juni 2009 – fritt tilgjengeleg for alle som har innlogging.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 9, 2009, side 900-901

Kommenter denne artikkelen