Du er her
Må kutta i praksistilbodet
Det siste året har leiinga ved Psykologisk institutt i Oslo gjennomført drastiske kutt i praksis og bruken av eksterne rettleiarar. Tillitsvalde fortel om amper stemning blant studentane.
– Dei nedskjeringane vi har opplevd dette året, gjer nødvendigvis at det faglege utbyttet blir eit anna enn det kunne vore, seier Erling Rognli.
Han er tillitsvald for profesjonsstudentane ved Universitetet i Oslo (UiO), og sit som representant i instituttstyret. Saman med to andre studentar har han debattinnlegget «Ta vare på profesjonsstudiet» på trykk i dette nummeret av Tidsskriftet. Der står det mellom anna:
Det er […] svært alvorlig og bekymringsfullt at man ved landets største profesjonsstudium i psykologi nå må skjære til beinet på grunn av stramme budsjetter … Som tillitsvalgte møter vi mange studenter som er fortvilte og sinte over at de er så uheldige å gå gjennom studiet akkurat når pengene mangler, når de ikke får et fullverdig tilbud.
Amper stemning
Rognli kan fortelja at instituttet på grunn av den pressa økonomien sto i fare for å bli sett under administrasjon av SV-fakultetet. Leiinga måtte kutta utgiftene raskt. Resultatet blei at studentar og rettleiarar ved semesterstart i fjor haust fekk melding om at den planlagde forpraksisen i klinisk vaksenpsykologi måtte avviklast med beinveges verknad.
– Det er ei amper stemning blant ein del av studentane, fortel ein av dei andre innskrivarane, Øyvind Sandsether. Han er òg tillitsvald og studerer på niande semester.
– Førstelinjepraksisen er heilt borte, og forpraksis vaksen er endra frå ein reell praksis, der alle studentar fekk prøva seg i testing, kartlegging og diagnostisering ute på klinikkar, til ein billigvariant der bare rundt ein av fire studentar får møta pasientar. Dei andre ser videoopptak og diskuterer i grupper.
Studentane i Oslo sit etter dette att med dei fem månadene med hovudpraksis i tiande semester som den einaste reelle praksisen utanom instituttet.
– Det byrjar å bli ganske tynt, seier Erling Rognli.
Utgifter og inntektssvikt
– Dette er veldig alvorleg, og vi arbeider intenst for å reversera det, seier Siri Gullestad.
I januar 2008 tok ho over som instituttstyrar, og fekk i fanget eit underskot på rundt 11 millionar første året. Dette av eit totalbudsjett på rundt 90 millionar. Å kutta i den kostbare praksisundervisninga var einaste måten å få ned utgiftene på utan å seia opp folk.
Ifølge Gullestad er det i hovudsak tre grunnar til den stramme økonomien. Hausten 2006 lanserte dåverande kunnskapsminister Øystein Djupedal det mykje omtalte kvileskjeret i forskingsytingar, som mellom anna innebar eit kutt på 274 millionar kroner til høgare utdanning for 2007. Dette sette spor i heile universitetssektoren. Dessutan har UiO planar for ei stor og kostbar markering av sitt eige 200-års-jubileum i 2011, noko som har ført til kutt i løyvingar til alle fakulteta, òg SV-fakultetet som psykologifaga i Oslo sorterer under.
– I tillegg har Psykologisk institutt ikkje vore realistiske i budsjetteringa av lønsutgifter – noko vi deler med resten av Universitetet i Oslo, forklarar Gullestad.
Den store lønsveksten dei seinare åra, auka pensjonsutgifter og ein for ekspansiv tilsettingspolitikk har gjort at lønsutbetalingar i dag står for rundt 75 prosent av instituttet sine totale utgifter. For å bøta på dette har leiinga bestemt seg for bare å erstatta fire av dei åtte stillingane som forsvinn grunna naturleg avgang i løpet av dei neste fem åra.
– Dette vil gje oss større rom for å bruka meir eksterne lærekrefter, seier instituttstyraren.
Ulike oppfatningar
Gullestad fortel at økonomigjennomgangen på mange vis har vore positiv for instituttet. en har ført til mykje betre styring og effektivisering, til dømes gjennom reduksjon i det som viste seg å vera for mange parallelle kurs på bachelorstudiet. Ho nemner òg eit pågåande forhandlingsarbeid som truleg vil resultera i at Helse Sør-Øst får ansvar for å finansiera den halvårlege hovudpraksisen til profesjonsstudentane. Utdanning er ein del av helseføretaka sitt ansvar, og Gullestad kallar det ein anakronisme at universitetet lønar spesialistane som står for rettleiing av psykologstudentane.
Studentane har engasjert seg sterkt på fleire frontar: internt, overfor Kunnskapsdepartementet og gjennom innlegg i Morgenbladet og Tidsskriftet, og er altså bekymra for kvaliteten på utdanninga her og no. Øyvind Sandsether kan fortelja at dei har teke saka opp i organet som har ansvar for det faglege innhaldet på studiet, programrådet.
– Vi er i tvil om krava blir oppfylte, seier han, og fortel at vitskapleg tilsette har lurt på det same.
– Det er vel i alle si interesse at det blir sett søkelys på dette?
– Ja, men vi studentar kan tillata oss å uttala oss relativt friskt, medan dei tilsette verkar litt passive. Vi skulle ønskja dei sa meir frå og støtta oss når vi går ut i aviser og skriv. Det ville opplevast meir seriøst om dei òg gjekk ut.
Kontakt med styresmaktene
Sandsether fortel at det òg er vanskeleg å nå igjennom hos Kunnskapsdepartementet. Allereie for eit år sidan, då dei første kutta blei innførte, tok dei tillitsvalde kontakt med Tora Aasland sitt kontor. Dei har ennå ikkje fått svar.
– Dei bryr seg ikkje så lenge utdanninga oppfyller krava. Men i Helsedepartementet er dei meir interesserte i at utdanninga er så god som råd.
I juni er studentrepresentantane faktisk inviterte til eit dialogseminar med helseministeren. Agendaen er samhandlingsreformen, men studentane vil òg ta opp nedskjeringane med Bjarne Håkon Hanssen.
Siri Gullestad er glad for at studentane engasjerar seg og skriv til styresmaktene og i pressa, men hevdar samstundes at kvaliteten på utdanninga framleis oppfyller krava.
– Det er ei forringing, men ikkje uforsvarleg, seier ho.
Ho understrekar dessutan at den eksterne diagnostikkpraksisen som er teken bort, tildels var dårleg evaluert.
– No har vi erstatta den med at studentane får gjera testar ved ein av dei fire internklinikkane våre.
Og praktikum-undervisninga mot slutten av studiet, der studentane har ein pasient i terapi under intensiv rettleiing, har leiinga sett absolutt skjerming på.
– Den skal ikkje rørast, slår Gullestad fast. Forpraksis barn og ungdom, som er ein ekstern praksis på fire timar i veka i 11 veker, skal òg bestå.
Å legga press på departementet med tanke på eventuelle ekstraordinære løyvingar blir foreløpigikkje aktuelt.
– Vi må først sørgja for å få orden i eige hus, seier instituttstyraren.
Universitetet har ansvar
Det finst krav til kva ei psykologiutdanning skal innehalda. Men samstundes er det altså rom for skjøn. I Kunnskapsdepartementet svarar dei slik på spørsmål om det kan forsvarast at innhaldet på utdanninga svingar, slik at kvaliteten på ein psykolog utdanna i dårlege budsjett-tider er lågare enn på ein utdanna i gode tider:
– Det er universitet sjølv som har ansvaret for kvaliteten i utdanninga, òg psykologutdanninga, svarar Toril Johansson, ekspedisjonssjef i Universitets- og høgskuleavdelinga.
– Departementet ventar at kvaliteten på utdanningane er tilfredsstillande. Er det teikn på sviktande kvalitet i ei utdanning, er det Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) sitt ansvar å følgja dette opp, understrekar ho.
– Kvifor stiller ikkje Kunnskapsdepartementet klarare krav til innhaldet i ei profesjonsutdanning som psykologutdanninga?
– Vi har tillit til at institusjonane har den kompetansen som trengst for å sikra ei god og relevant psykologutdanning.
– Kva vil de
Kunnskapsdepartementet gjev midlar til institusjonar, i dette tilfellet Universitet i Oslo, og ikkje til kvart enkelt institutt eller kvar profesjonsutdanning. Det er insti-tusjonen sjølv som har ansvar for å pri-oritera innanfor si eiga verksemd, avsluttarJohansson.
Kommenter denne artikkelen