Du er her
Psykologen og loven
Det siste året har Psykologforeningen jobba spesielt med å samla og legga til rette relevant informasjon om juridiske spørsmål som vedkjem psykologar.
Prosjektet, som har fått namnet «Psykologen og loven», har mellom anna resultert i fire større artiklar om temaet i Tidsskriftet: «Psykologers delvise henvisningsrett» (5/2008), «Førerkort og psykologens meldeplikt» (8/2008), om psykologar sine ulike roller (10/2008) og «Faglig forsvarlig helsehjelp» (12/2008).
Ekstraløyving
Prosjektet har i hovudsak vore finansiert ved hjelp av ekstramidlar frå Helsedirektoratet. Løyvingane gjorde det mogleg å tilsetta juristen Ingunn Myklebust i ei prosjektstilling frå 1. mars i fjor til 31. januar i år.
- Det har vore kjempespanande og lærerikt å få lov til å bruka faget mitt med litt anna utgangspunkt, seier Myklebust, som no går tilbake til den gamle jobben sin som seniorrådgjevar i Helsedirektoratet.
- Målet for prosjektet er med utgangspunkt i helseretten å gjera psykologar bevisste på rettar og plikter og tydeleggjera forskjellige roller, fortel Myklebust.
Meir på veg
Responsen på artikkelen om psykologar sine ulike roller - som behandlingsansvarleg, pasientansvarleg, journalansvarleg og informasjonsansvarleg - viser ifølgje juristen at det har vore behov for å informera. Og ho lovar fleire aktuelle artiklar i tida som kjem. Prosjektet med å informera psykologar om juridiske spørsmål er nemleg ikkje avslutta, sjølv om ekstraløyvingane er brukte opp.
- Christian Zimmermann og andre i Psykologforeningen kjem til å halda fram, fortel Myklebust, og nemner ein serie på fem artiklar om journalføring som i desse dagar blir lagt ut på www.psykologforeningen.no/pf/Fag-og-profesjon/For-fagutoevere/Jus/Juridi….
- Alt vi har skrive til no, og det som kjem frametter, vil bli lagt ut på foreininga sine nettsider, seier ho. Noko vil òg koma på trykk i Tidsskriftet.
Ingunn Myklebust kan lova artiklar om så vel teieplikt i møte med pårørande som journalføring. Så, for alle som ikkje kjenner seg utlærde på helserett: Det er bare å følgja med.
Kommenter denne artikkelen