Du er her
Massivt om rus
Alle born i Noreg vil til hausten bli gjort merksame på rusproblematikk.
– Med TV-aksjonen Blå Kors skal vi jobba for større openheit, noko som vil redda fleire born, seier psykologspesialist og fagambassadør for TV-aksjonen Blå Kors, Frid Hansen.
Pengane som blir putta i bøssene 19. oktober i år, vil altså gå til Blå Kors Norge. Organisasjonen driv 34 diakonale verksemder over heile landet, og er også kjend for førebyggande og haldningsskapande arbeid.
Grundig opplegg
– TV-aksjonen er den største haldningsskapande aksjonen i landet, seier leiar av skuleprogrammet Kristin Ketilsson. I fjor var ho innsamlingsleiar i Buskerud. Skulebesøk der 50 ungar rekte opp handa samtidig og spurte: «Kan vi ikkje bare gje det som trengst, med ein gong?» gjorde sterkt inntrykk.
– TV-aksjonen skapar eit massivt medie- og informasjonstrykk. Mange born vil difor denne hausten bli kjende med temaet rus og bli gjort merksame på konsekvensane misbruk kan ha. Mange vil óg kjenna seg att, seier Ketilsson, og fortel om eit grundig forarbeid. Opplegget TVaksjonen tilbyr skulane har vore til høyring hos ei rekke sentrale aktørar innanfor psykisk helse-feltet. Barneombodet er ambassadør for aksjonen, og alle helsestasjonar, borne- og ungdomspsykiatriske einingar og dei pedagogisk psykologiske tenestene er informert i forkant.
Føre var
Ketilsson oppmodar alle psykologar som har kontakt med born og unge, til å gjera seg kjende med informasjonen som går ut til skulane. Ho reknar med at ekstra mange born vil trenga å snakka med fagpersonar om rusbroblematikk denne hausten.
– På heimesida vår www.tvaksjonen.no finst det ei lekke til skulestoffet som er utarbeidd for lærarar og elevar. Det er ikkje meininga at elevane skal snakka om eigne problem i klasserommet, men skulen kan skapa trygge rammer rundt samtalar om konsekvensane som vaksne sitt rusmiddelmisbruk får på born, og informera om kvar dei kan få hjelp.
Frid Hansen er oppteken av at at born så tidleg som råd får høyra at det aldri er deira skyld at vaksne har det vondt, at dei ikkje er åleine om å ha det slik, og at å be om hjelp ikkje er det same som å sladre.
– Det at mange vaksne og born engasjerer seg, vil gjera godt for dei borna det vedkjem, seier fagambassadøren.
Kommenter denne artikkelen