Du er her
Ut av Holmlia – inn i faget
Engasjerte psykologar møttest i Psykologforeningen sine lokaler i Oslo 24. mai til møte om interkulturell psykologi. Målet er å skipa ei foreining som kan ta kulturperspektivet med seg ut av Holmlia i Oslo og inn i heile psykologifaget.
– Folk har hatt ein verk etter å få vera med på noko slikt, seier Emine Kale, psykolog ved Nasjonalt kompetansesenter for minoritetshelse (NAKMI) og ein av initiativtakarane til opprettinga av ei foreining for interkulturell psykologi, då eg snakkar med ho etter møtet.
Nær 20 psykologar, med eit tital ulike kulturelle røter, møtte opp. Fleire uttrykte ei kjensle av å koma heim.
– Det er frigjerande å koma hit og møta andre psykologar som er opptekne av det same. På møte som tek opp slike tema, brukar det vanlegvis å vera meg og ei mengd sosionomar, sa ei.
Mennesket i kontekst
Emine Kale trur kjensla av heimkome mellom anna kan komma av at ei slik forsamling opplevest sann i høve til livet.
– Psykologfora er ofte litt einsformige, og ein går inn i ei rolle slik at det opplevest som ei ganske homogen gruppe.
På dette møtet var heterogeniteten noko av det som fall ein i auga, men interkulturell psykologi handlar ikkje bare om heterogenitet i etnisitet. Den er ikkje eit fagfelt, men eit fagleg perspektiv som må inn i alle områda av faget. I vid forstand er det snakk om å forstå mennesket i ein kontekst, om å halda oppe medvitet om at vi ikkje er individ som kan forståast lausrivne frå omverda. – Det handlar om etnisitet, ja, men også om sosial klasse, kjønn, alder og migrasjon, seier Emine Kale, og siterer Peter Elsass, som snakkar om å forstå kulturen som eit system av meiningssamanhengar.
Som eit resultat av dette er foreininga open for alle psykologar som er opptekne av det kontekstuelle – uavhengig av etnisitet. På stiftingsmøtet blei det oppretta eit interimstyre som jobbar fram mot eit planlagt stiftingsmøte med fagdag i slutten av november.
Rådet for psykisk helse gav nyleg ut rapporten Psykisk helse i et flerkulturelt samfunn, og i den amerikanske psykologforeininga sin prinsipperklæring for evidensbasert psykologisk praksis, som Psykologforeningen også har vedteke, blir det kultursensitive drege fram som eit grunnleggande perspektiv i alt psykologisk arbeid. Ein kan altså seia at den vesle gjengen som kom saman på stiftingsmøtet, er toppen av eit isfjell. Dei er det synlege resultatet her i Noreg av ei brei fagleg oppvakning. Og etter innlegga på møtet 24. mai å døma er tida overmoden.
Etnosentrisk psykologi
Judith van der Weele jobbar til dagleg på Alternativ til vold. Ho fortalde korleis ho – som eit resultat av utdanninga si – mangla eit språk.
– Eg er til dømes ikkje opplært til korleis eg i terapi skal snakka om Gud på eit etisk forsvarleg vis. Dette er eitt av mange tema som er tabuiserte i fagfeltet, sa ho.
– Det kulturelle burde alltid vera eit perspektiv i faget, anten ein møter lesbiske, ein frå mc-miljøet eller ein utlending.
van der Weele heldt fram med å understreka at norsk psykologiutdanning er etnosentrisk, til dømes i forståinga av kva helse er, kva lukke er, og i det invidivualiserte perspektivet.
– Førestellinga om det autonome sjølvet er ikkje sann, men behandlinga er bygd opp rundt dette. Vi er for ideologisk utdanna, sa ho.
– Når eg møter ein pakistansk mann som fortel at han har fem døtrer, kva skal eg då svara? Så fint? Så dumt? I min kultur vil det første vera riktig, men samstundes veit eg at han kjem til å få eit slit med kostnadene når døtrene skal giftast bort.
Psykologen drog òg fram utfordringar ho opplevde kring klientane sitt syn på psykologen.
– Er vi som psykologar reiskapar eller medmenneske? For mange med ein annan kultur enn den vestlege er det heilt uforståeleg å skulla opna seg for eit anna menneske som ikkje opnar seg attende, og å skulla avslutta relasjonen etter endt terapi.
Fleire av dei frammøtte hadde ei oppleving av ei stor ordløyse og tabuisering rundt faglegheita når dei såg seg nøydde til å ta omsyn til kulturperspektivet. For det går alltid føre seg ei kulturell tilpassing av gamle metodar og utvikling av nye ein ser ein har bruk for i møte med klientar med ein annan kulturell bakgrunn enn eins eigen. Ein gjer grep i terapi fordi ein er nøydd til det, men snakkar ikkje om det fordi det bryt med idealet om evidensbasert psykologisk praksis og gullstandard på behandlinga.
– Kor går eg for langt i tilpassing, spurte van der Weele. – Kor går grensene?
Livsengasjement
Nora Sveaass var òg til stades, og reflekterte rundt det at alle dei frammøtte nok hadde ein flik av internasjonalitet.
– Eigen fleirkulturell bakgrunn gjev nærleik til feltet, forklarte psykologen, som sjølv har latinamerikanske røter.
– Det blir eit livsengasjement, ikkje bare eit fag, sa Sveaass, før ho heldt fram med ein gjennomgang av historia til det interkulturelle psykologiske perspektivet i Noreg. Med bakgrunnen sin frå internasjonalt arbeid med menneskerettar og tortur var ho òg oppteken av konkrete utfordringar som korleis psykologar bør nærma seg og snakka om vald i heimen, kjønslemlesting og tvangsgifte.
Emine Kale fortel at noko av drivkrafta hennar er ønsket om at foreininga kan komma i ein posisjon der dei kan peika på manglar dei opplever i faget – og bli lytta til.
– Det er som med kjønnsperspektivet. No er det med som ein naturleg del i dei aller fleste fagområda. Vi vil at også kulturperspektivet skal bli automatisk etter kvart, at den skal prega heile tenkinga. Vi ønskjer med tid og stunder å kunna utvikla felles etiske retningslinjer som psykologar kan einast om, og at vi kan jobba for auka likskap og mot stigmatisering og avgrensing. Vi må byrja med bevisstgjeringa – så kjem resten etter kvart, avsluttar Emine Kale, som gjennom skipinga av denne foreininga har fått oppleva at ein mangeårig draum er blitt sann.
Kommenter denne artikkelen