Du er her

Eit utval i utvikling

Mandatet til LAU er klart og greitt: å jobba for betre løns-, arbeids- og pensjonstilhøve for psykologar. Men korleis utvalet skal organiserast, er meir uklart.

Publisert
31. januar 2007

REPRESENTANTAR VÅREN 2007: (Frå venstre) Marianne Sand (staten), Rune Frøyland (leiar), Eva Danielsen (NAVO-Helse), Ken Hagen Olsen (HSH), Arne Holen (NAVO-Helse), Henrik Daae Zachrisson (spesialoppnemnd, forskarfeltet), Marit Larsen (Sentralstyret), Jarle Refnin (vara NAVO-Helse). Arne Bell Trældal (privatpraksis) og Astrid Gudim (Oslo kommune) var ikkje til stades då biletet blei teke

På Norsk Psykologforening sitt førre landsmøte blei det lagt fram eit forslag om at foreininga sitt sentrale løns- og arbeidsmarknadsutval (LAU) skulle leggjast ned. Dette fekk lita støtte blant delegatane. I staden blei LAU gjort meir ope og nominasjons- og valprosessane meir demokratiserte. I denne landsmøteperioden har utvalet stort sett bestått av valde representantar, ein frå kvar av dei ulike tariffområda, dessutan ein ekstra representant frå helseføretaka. Dei følgjande områda er representerte: NAVO-helse, Kommunenes sentralforbund (KS), staten, privatpraksis, Handels- og sevicenæringens hovedorganisasjon (HSH) og Oslo kommune. Leiar av utvalet er visepresident i Psykologforeningen, Rune Frøyland. I tillegg stiller sentralstyret med ein representant, og dei tilsette i forhandlingsavdelinga er med på møta, men er ikkje ein del av LAU.

Spanande felt

Tidsskriftet møtte den eine representanten frå NAVO-helse, Arne Holen, og spurte han kva ein får vera med på som LAU-representant.

– Som lokal tillitsvald har ein jo i utgangspunktet mykje å gjera med løns- og arbeidsspørsmål. Det å vera med i LAU gjev større innsikt og høve til å ha eit ord med i laget om korleis Psykologforeningen skal forvalta interessene sine innanfor feltet. Før i tida, då alle sjukehustilsette var tilsette i fylkeskommunane og høyrte til tariffområdet KS, sat i praksis Yngve Hågensen på Youngstorget og drog seg i skjegget medan han fremja krav og kom opp med forhandlingsresultat. Til dømes fekk vi i løpet av 2000 og 2001 – dei to siste åra KS forhandla – to nye feriedagar som blei den femte ferieveka, utan nokon gong å ha sett fram krav om det. Med den nye organiseringa forhandlar vi i helseføretaka tekstrettar, det vil seia ordlyden i dei enkelte avtalane, der Psykolgoforeningen er part åleine, fortel Holen.

– Arbeidet i LAU er både spanande, utfordrande og krevjande, så det er bare å seia frå dersom ein veit om ein god kandidat til å fylla eitt av verva, seier Holen, og nyttar samstundes høvet til å skryta av Psykologforeningen sitt grunnkurs for tillitsvalde.

– Det er betre enn det mange andre foreiningar kan by på.

Uvant demokratisk

Dei kan saktens trenga litt reklame i LAU, for den nye organiseringa har vist seg krevjande å gjennomføra. Meir enn to år etter landsmøtevedtaket har KS endå ikkje makta å skaffa verken hovudrepresentant eller vararepresentant til utvalet, og så vel Oslo kommune som dei privatpraktiserande manglar vara. I tillegg gjekk det heile 13 månader før utvalet hadde sitt første møte. Holen trur det skuldast at Psykologforeningen ikkje er vand med ein slik modell, der ein vel folk nedanfrå og opp.

– Det er veldig viktig at vi har fått til ein open rekrutteringsprosess, men ei evaluering kan openbart trengast, seier Arne Holen. Og evaluering blir det i ei eller anna form, på landsmøtet 21.–23. november 2007.

Eit paradoks

– Ein ting vi har diskutert mykje, er korleis tilhøvet mellom LAU og forhandlingsavdelinga skal vera. Eg synest vi burde vore tyngre inne i avgjerdsprosessen i dei ulike forhandlingane, seier Arne Holen.

Men han er heilt klar over at dette sjølvsagt ikkje er enkelt. Detaljar frå forhandlingar let seg vanskeleg formidla over telefon eller e-post, og dette er heller ikkje trygt nok. Men ei mellomløysing kan vera at utvalet har kortare møter og heller møtest oftare. I det siste har det gått om lag seks veker mellom kvar samling.

– I dei ulike områda går forhandlingar føre seg året igjennom. Psykologforeningen bør bruka meir ressursar på samarbeidet mellom forhandlingsavdelinga, LAU og tillitsvalde. Eg opplever ofte at psykologar er misnøgde med materielle omstende som løn og høva til vidareutdanning. Då er det eit paradoks at det ikkje blir satsa meir på dette. LAU bør bli meir politisert tariffmessig og fatta fleire styrande vedtak for forhandlingar og resultat, seier Arne Holen.

Ifølgje representanten er dei ein fare for at LAU bare blir eit «sandpåstrøingsorgan».

– Det er viktig at vi ikkje bare blir ei «til orientering»-postkasse for forhandlingsavdelinga, åtvarar han.

Ny salærsats

Salærsatsene er fra 1. januar 2007 kr 825. Ved salærfastsettelse skal det honoreres etter den timesatsen som gjaldt da oppdraget ble avsluttet. Salærsatsen gjelder kun dersom psykologen har påtatt seg oppdrag for retten, der retten/dommeren er oppdragsgiver. Hvilken pris som tas for andre sakkyndigoppdrag må psykologen avtale med sin oppdragsgiver før en påtar seg oppdraget.

Nytt tak for egenandeler

Taket for pasientenes egenandeler er fra 1. januar 2007 kr 1660. Den egenandelen pasienten skal betale per time er kr 265 ved behandling hos psykolog i privatpraksis med driftstilskuddsavtale, eller ved behandling i poliklinikker i psykisk helse.

Trygdeerklæring

Fra 1. januar 2007 er L-takstene for erklæringer på oppdrag fra trygden justert med gjennomsnittlig 3.8 %. Følgende takster er mest aktuelle for psykologer:

L90 – kr 1221.

L120 – kr 1628. Spesialisterklæring for de to første timene. I tillegg honoreres

L30 – kr 407 for hver påbegynt halvtime utover to timer.

L-takstene gjelder kun der det er trygden eller NAV som er oppdragsgiver. For andre oppdragsgivere må prisen avtales særskilt før en påtar seg oppdraget.

Fradrag for fagforeningskontingent

Den enkelte kan trekke fra inntil kr 2250 for fagforeningskontingent i selvangivelsen for inntektsåret 2006 (den selvangivelsen som leveres om et par måneder). Det nærmeste året kan en så bruke til å glede seg til den selvangivelsen som skal sendes inn i april 2008 (for inntektsåret 2007) – da blir fratrekket 2700.

Eilert Ringdal

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 2, 2007, side 192-193

Kommenter denne artikkelen